Det viktige nynorskfylket
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

Det viktige nynorskfylket

Fylkestinget i Møre og Romsdal har gode grunnar for å føre vidare Møre og Romsdal som det viktige nynorskfylket. Å halde fast ved nynorsk som administrasjonsspråk her i nordvest handlar om identitet, folkestyre og å skrive så folk forstår.

Når folk på Stranda, i Isfjorden eller Kristiansund kan snakke som dei gjer og møte respekt for talemåla sine, har det sine årsaker. Nynorskbrukarane kjempa fram dei språklege rettane som pregar det norske samfunnet, dei argumenterte for språkleg mangfald lenge før dette blei ein allmenn verdi, og dei viste kor viktig språkleg identitet er. Berre dette burde vere nok til at politikarar frå heile fylket held fast ved nynorsktradisjonen i Møre og Romsdal.

No ligg 12-bandsverket Norsk Ordbok føre. I den ordboka over alle norske dialektar og det nynorske skriftspråket er alle talemål jamstilte og verdifulle. I Riksmålsordboken blir det derimot nøye markert kva ord og uttrykk som er dialekt og dermed mindreverdige. Kvifor er ikkje språket til folk flest godt nok, spurde 22 år gamle Ivar Aasen alt i 1836.

I dag erkjenner jamt fleire at jo, det språket er ikkje berre godt nok, det kan brukast til kva det skulle vere. Skipsverft byggjer skip på engelsk og nynorsk, hotell serverer mat og spa på nynorsk, to av tre kommunar i fylket bruker nynorsk, forfattarar som Edvard Hoem og Maria Parr har tilført norsk litteratur verdiar ingen ville vere forutan, og landbruksminister Jon Georg Dale har sett standarden for språkleg jamstilling i departementa. Denne utviklinga har Nynorsk kultursentrum dokumentert i minste detalj i Språkfakta 2015 på Aasentunet.no.

Møre og Romsdal er det viktige nynorskfylket. Det var her Ivar Aasen kom frå, og det var herifrå han tok med seg den grunnleggjande respekten for folk flest som prega alt han gjorde. Vi skal då vel ikkje overlate denne posisjonen til andre fylke?

Eg veit at mange ønskjer at Noreg skal bli verande eit tospråkleg samfunn med nynorsk og bokmål som jamstilte språk. No når Nynorsk kultursentrum arbeider med å etablere Vinje-senteret i Telemark, ser vi på nært hald kor viktig det er for næringsliv og innbyggjarar at kommunane i Vest-Telemark bruker nynorsk. Ein kommune og ein fylkeskommune er språkleg viktigare for folk enn mange politikarar trur.

Det har lenge vore eit demokratisk problem at offentleg forvaltning har ordlagt seg uforståeleg eller vanskeleg. Difor har Språkrådet i mange år arbeidd med å få statsforvaltninga til å skrive klart, enkelt og tydeleg. Dette passar som hand i hanske med å bruke meir nynorsk. Eg har sett mykje, men har til gode å sjå brev, rundskriv eller saksførelegg bli dårlegare av å vere skrivne på nynorsk.

Språket i fylkeskommunen er viktig for å stø opp under vår kulturelle og språklege sjølvtillit og identitet. Innbyggjarane skal få svar frå fylkeskommunen på det norske språket dei bruker sjølve, og så må bokmålsbrukarane vise den same respekten for fleirtalet som nynorskbrukarane gjer for fleirtalet av bokmålsbrukarar andre stader i landet. Nokre av dei argumenta som har vore brukte mot nynorsk i denne saka, gjer meg rett og slett flau.

I 1960-åra blei 732 kommunar til 451. Den gongen gjekk det mange år før kommunane hadde avgjort kva administrasjonsspråket skulle vere. No diskuterer svært mange kommunar ulike samanslåingsløysingar. Gledeleg ofte er språkspørsmålet ein sjølvsagd del av desse forhandlingane. Det viser at språk er viktig for mange, og at bruken av nynorsk står endå sterkare no enn for 50 år sidan. I denne situasjonen er det positivt at fylkesrådmannen vil halde på Møre og Romsdal som nynorskfylke og styrkje denne tradisjonen.

Fylkesrådmannen har føreslått å opprette ei stilling som språkvaskar i fylkeskommunen. Den stillinga bør nok vere ein språksjef som både hjelper tilsette med å skrive betre nynorsk og hjelper til med at dokument frå fylkeskommunen blir skrivne så folk forstår. Skulle fylkestinget vedta bokmål, blir behovet for ei slik stilling berre større. Det er altså ikkje slik at det trengst ein ny medarbeidar om vedtaket blir nynorsk, men ikkje om det blir bokmål. Difor var også utgangspunktet for denne saka heilt feil då ein fylkespolitikar før jul meinte at no måtte det bli slutt på korrektur og språkvask. Tvert om, fylkeskommunale dokument kan aldri bli for godt og klart skrivne.

Visjonen for Nynorsk kultursentrum er «nynorsk, sjølvsagt, når som helst, kor som helst». Vi tek mål av oss til at det skal vere lettare og kjekkare å bruke nynorsk. Grunnsynet vårt er at der er to norske språk i Noreg – bokmål og nynorsk. Desse har mykje felles, men også kvar sine tradisjonar og skriftkulturar. Nynorsk representerer like lite ei partsinteresse og like mykje ei allmenninteresse som bokmål gjer.

Fylkestinget møtest på Hotell Union i Geiranger for å avgjere saka. For mange år sidan gjekk det hotellet over til å bruke nynorsk. Ein av fleire grunnar til at fjerde generasjon hotelleigarar gjorde det, var at nynorsk var blitt eit mykje meir sjølvsagt språk i Noreg enn då hotellet opna for meir enn 100 år sidan. Det kan politikarar i Møre og Romsdal ta sin del av æra for. Difor blir det veldig rart om fylkestinget no er mindre framsynt enn vertskapet i ei suksessbedrift md gjester frå heile verda.

Lodve Solholm, styreleiar Nynorsk kultursentrum

 

Replikk frå Solholm 30.3.2016