Christel Siem (1979–2017)
Christel SiemFoto: Aasen-tunet

Christel Siem (1979–2017)

Christel den varme er faren sin veg, frå alle sine, frå oss, frå verda. Ho var fødd 6. februar 1979 og døydde 1. april 2017.

I går reiste eg til himmels frå Oslo til Ørsta og såg etter dei fjella som hadde halde henne fast og gitt henne utsyn. Under ein diffus himmel, over kvit jord med renningar av vår. Der oppe var det mange minne om Christel.

Vi har mista folk før, folk i prosjektstillingar og valde posisjonar. I ein institusjon som nærmar seg 25 år, blir det slik. Christel er den første av medarbeidarane i dei faste stillingane våre som har gått bort, berre 38 år gamal. Til oss kom ho med sine skjerf ein dag i oktober 2004 og snakka seg inn i det utlyste vikariatet som programansvarleg. Den jobben berre ville ho ha, og så fylte ho like godt rommet der og då med strategiske linjer og idear. Difor var ho tilsett som programansvarleg i Aasen-tunet frå november 2004 til august 2006.

Eg er sta og konfliktsky, smilte 25-åringen. Ho hadde eit blikk for mykje og såg alle, leita fram fellesskap, stilte krav oppover og bortover og nedover, venta den same entusiasmen frå andre som bobla i henne sjølv, sukka over ubrukte sjansar.

Christel hadde studert prosjektleiing på Lillehammer. Ho såg at institusjonen trong ein samla strategisk plan og ville gjerne ha ein felles plan for festival og kulturprogram. Berre ho slapp å vere den som skreiv. Ho var heller den leitande sjela, den skapande uroa, den leikande medarbeidaren overtydd om at det fanst ein utveg for det meste.

Det var Christel Siem som skapte tunkatten Lurivar. Ho hadde sett spora etter katten til Ivar Aasen i betonggolvet og tenkte sitt. På stabsseminaret i Vågå vinteren 2006 lanserte ho ein ganske vill idé om å vitalisere Aasen-tunet med nye formidlingsformer bygde opp kring ein levande mjauande huskatt til glede for barnesjeler i alle aldrar. Ei kattegruppe blei sett i gang og tok ideen inn i handterlege former. Då vikariatet for Christel var ute, visste ho at Lurivar ville få sine liv. Kor god ideen var, viser seg dagleg på Internett, slik det har gjort med tallause påske- og sommarprogram i Aasen-tunet og i meir enn 900 Lurivar-framsyningar for over 31 000 born og vaksne.

Aasen-tunet var godt etablert då Christel kom. Det passa å sjå etter endring, og ho såg og ho fann. Tida i tunet endra henne, og ho endra tunet, dels tydeleg, dels umerkeleg. I den attesten ho ikkje lenger kjem nokon veg med, heiter det at ho utførte dette endringsarbeidet «med eit trøkk og ein vilje, og eit glimt i auga, som var med og la mange premissar for verksemda vår elles. Heile tida har ho vist tru på at det går an å tenkje stort.»

Slik var ho for oss. Ho brukte åra godt og sette mjuke spor etter seg, som ein katt på betong.

I fleire år visste Christel kva ho gjekk til. Ho var sterk nok til å bere den vissa med eit trygt smil for alt ho kunne gjere med livet til så lenge. Vi kan berre takke for det vi fekk og vere med Filip, Agnes, Sjur og Klara i sorga.

Kjære Christel, vi gløymer deg aldri.

 

Ottar Grepstad
direktør

(Minnestund i Aasen-tunet måndag 3. april 2017)