Budsjettforlik gir million til Vinje-senteret

Budsjettforlik gir million til Vinje-senteret

– Eg er hoppande glad! Slik reagerer Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum på at budsjettforliket inneheld 1,2 millionar til Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. – Store ord må til for å takke dei som fremja kravet og dei som har godtok det.

God nynorskpakke i statsbudsjettet: 

Saman med andre nynorskorganisasjonar fremja Nynorsk kultursentrum ei prioritert liste over nynorsktiltak for 2017. Venstre laga ei nynorskpakke i det alternative statsbudsjettet sitt, og no er den pakken med i statsbudsjettet. Det sikrar framtida for Landssamanslutninga av nynorskkommunar, og det styrkjer Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter.

Med budsjettforliket får også mange andre kulturtiltak betre rammevilkår. Nynorsk kultursentrum er ein av få institusjonar som har bygt opp heilt nye museum det siste tiåret. Hauge-senteret med Ulvik poesifestival opna med komplett publikumstilbod i 2014 og er blitt ein suksess. No skal Vinje-senteret byggjast opp i Vinje i Telemark. Med driftsmidlar frå stat og kommune i 2017 kan den første medarbeidaren tilsetjast i 2017.

– Vi er avhengige av at Vinje kommune løyver sin del for 2017, og det stoler eg på at Vinje kommunestyre gjer 15. desember, seier Ottar Grepstad.