Boknatt onsdag 20. november
Forfattarane Ragnar Hovland, Agnes Ravatn og Øystein Orten kjem til boknatt i Aasen-tunet.Foto: Herborg Pedersen, Agnete Brun, Odd Goksøyr.

Boknatt onsdag 20. november

Det blir kjærleik, drama og ein god dose humor når Agnes Ravatn, Ragnar Hovland og Øystein Orten møter Geir Hjorthol og publikum onsdag 20. november.

Kjøp billett her.

– Vi gler oss til å bli betre kjende med tre ulike og etablerte forfattarar. Dette er også første gongen publikum i Aasen-tunet får møte neste års festspeldiktar Agnes Ravatn, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Mellom slaga kan du unne deg lun kyllingsuppe og focaccia i kafeen.

I tillegg får vi eit musikalsk innslag med Jorun Marie Kvernberg, kjent frå mellom anna Majorstuen. 

Boknatt onsdag 20. november
Jorun Marie Kvernberg

Festspeldiktaren

Agnes Ravatn er festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2014. Ho er kjend for si særeigne, vittige røyst og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Ho skriv mellom anna fast både i Dag og Tid og Dagbladet.

I den siste romanen Fugletribunalet syner Ravatn ei ny og meir alvorleg side ved forfattarskapen sin: Ei kvinne og ein mann har trekt seg vekk frå samfunnet med løyndomane sine. Den eine ber på skam, den andre skuld. Eit avsidesliggjande hus ved havet blir møtestaden deira. «Avslutningen slår bokstavelig talt kloa i deg», melder Cathrine Krøger i Dagbladet.

Ei bok med e-postar

Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne røystene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar, har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. I fleire år var han litterær konsulent på Det Norske Samlaget, og kontordagane til Hovland blei raskt vekas høgdepunkt for mange tilsette. I boka Frå Ragnar til alle er det samla eit utval av Hovlands fråværsassistentar, livsfunderingar og ymse forbrukartestar.

Rebellen Rasmus

Øystein Orten frå Hareid debuterte med Havflammen i 1995, og har seinare skrive både lyrikk, romanar og dokumentar. Rasmus Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som forfattaren sjølv ættar frå. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. «Orten saumar saman forteljeglede og kunnskap og serverer eit krunamål. Dette er eit karstykke", skriv bokmeldar Torill Myren i Sunnmørsposten.

Samtalane blir leia av litteraturvitar Geir Hjorthol.

– Alt ligg til rette for ein strålande kveld i Aasen-tunet. Med heimelaga kyllingsuppe og focaccia i kafeen og gode tilbod i butikken, skal du ikkje sjå vekk frå at du får unna julehandelen også, avsluttar Munch.