Barnelitterært seminar på Nordfjordeid 25. oktober

Seminaret er for barnehagelærarar, lærarar på 1. og 2. trinn, bibliotektilsette og andre vaksne som arbeider med barn i denne aldersgruppa.

Barnelitterært seminar på Nordfjordeid 25. oktober

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné og seminar

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turnéen rundt i kommunane er for inviterte skular og barnehagar, men seminaret er ope for alle som arbeider med litteratur inn mot barn.  

Klart vi les! skal gje tilsette i skular og barnehagar auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling. For at barn skal bli gode lesarar, må ein lese mykje for og med dei. For at barn skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i den målforma dei brukar. Det kjem ut langt færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, og difor er det særleg viktig at dei som jobbar med barn får kjennskap til dei.

Den barnelitterære formidlingsfesten er eit seminar som byr på eit godt og kvalitetssikra program. Vi får møte Anna R. Folkestad, forfattaren av "Unni og Gunni" og "Henrik and". Formidlar Nina Elisabeth Bøe, som har forteljarstemma i fleire kjende tv-seriar som mellom anna "Prikk og Flekk", men som også har lang sceneerfaring og er kurshaldar i formidling. Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis ved NLA Bergen, og forfattar og medredaktør av Nynorsk med dei minste (Samlaget 2017).
Det vil også bli presentasjon av nye og relevante bøker, samt kva nettressursar som finst tilgjengeleg.
Ivar Aasen-tunet vil selje nynorske barnebøker til gode prisar, og seminaravgifta inkluderer forfriskingar og lunsjbuffet.

Velkomen!

Påmeldingsskjema under programmet.

Program

09.00 Registrering og morgonkaffi

09.30 Velkomen ved Ivar Aasen-tunet
Morgonhøgtlesing ved Anna R. Folkestad

09.45 Den vesle lesaren
Kvifor språkstimulering på nynorsk? ved
Nynorsksenteret

10.10 Tips til nynorskressursar på nett og brett

10.30 Pause

10.45 - Kva bok skal det vere i dag?
Nynorsksenteret presenterer bøker

11.30 Lunsj

12.15 Nynorsk med dei minste
Om språkkvardagen til små born som skal ha nynorsk som hovudmål. Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis ved NLA Bergen, og forfattar og medredaktør av Nynorsk med dei minste (Samlaget 2017)

13.15 Pause

13.30 Skriv for meg
Anna R. Folkestad om det å skrive for born

14.15 Eg vil nå deg!
Nina Elisabeth Bøe om å formidle litteratur for born

Avslutning med utdeling av bokpremiar

 

Påmelding: 

Tid: 25. oktober 2017 kl. 09.00–15.30

Stad: Nordfjord Hotell, Nordfjordeid

Pris: 500 kr pr. deltakar inkludert lunsjbuffet og forfriskingar

Bindande påmelding i skjemaet under eller til siri.gjerde@aasentunet.no eller admin@aasentunet.no

 

Påmelding Klart vi les! 2017
  1. Fyll ut skjemaet under.