Aasens reiser på Facebook

Ivar Aasen reiste rundt i Noreg, lytta og leita etter det norske språket i til saman 22 år. I haust markerer Aasen-tunet at det er 175 år sidan, og løftar difor fram reisene på Aasentunet.no og Facebook. Her får du sjå bilde frå stadane han besøkte og ein kan lese frå dagbøkene og breva Aasen skreiv.

– Det var eigentleg på tide at vi gjorde meir ut av reisene til Ivar Aasen på nettstaden. Her ligg så mykje spennande og artige skildringar av folk og natur midt på 1800-talet i Aasen sine dagbøker og brev, seier dagleg leiar i Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

I arbeidet med å samle inn prøver frå talemåla, besøkte Aasen halvparten av dagens kommunar og så langt nord som til Tromsø. Reisene utgjorde over 30 000 km og frå 1842 til 1868, ein periode på 26 år, var han i gjennomsnitt på reise kvar tredje dag. Berre i fire av desse åra heldt han seg i ro.

Ivar Aasen skildra landskap, folk, skikkar og byggeskikk der han reiste. Han skreiv kva han meinte, ut frå det synet ein hadde på naturen på den tida. Det flate landskapet var idealet og blei gjerne omtala som vakkert, men jo brattare og spissare fjella blei, desto meir skrekkelege og farlege framstilte han dei.

Då Aasen kom til Ullensvang skreiv han at «Hardangerfjordens omegn er frå naturen si side ikkje veldig behagelege». Knappe fire år seinare var målarane Tidemand og Gude på om lag den same staden, og skapte historie med eit anna forteikn.

Aasen-tunet vil fram til slutten av november i år publisere nye stadar kvar dag. Her kan du lese om Aasens tankar og skildringar av menneska, språket, naturen og livet han elles møtte, i bygder og byar rundt om i landet.

Les om stadane Aasen besøkte