Framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen

Fylkestinga bør vedta nynorsk administrasjonsspråk med språkreglar som tek vare på dei språklege rettane til både tilsette og private (personar, institusjonar, organisasjonar, bedrifter). Ved å følgje reglane for språk i statstenesta på eitt punkt og svare private på det språket dei sjølve bruker, sikrar regionen rettane også til dei mange som bruker bokmål privat, og som er i fleirtal i regionen. Nynorsk kultursentrum har laga eit framlegg til slike språkreglar. Språkreglane ligg ved som pdf både med og utan kommentarar nedst i artikkelen.

Språk i Vestlandsregionen

Nynorsk kultursentrum bed dei tre fylkestinga vedta at staten skal bruke nynorsk overfor den nye regionen i samsvar med § 5 i mållova. Likeins bed vi fylkestinga vedta klare reglar for nynorsk som administrasjonsspråk i regionen, med klare språklege rettar for tilsette og innbyggjarar i samsvar med § 6 i mållova. Vi bed også om at fylkestinga inkluderer arbeid for klart språk i desse språkreglane.
Nedanfor grunngir vi tilrådingane, og vi legg ved framlegg til språkreglar saman med oppdaterte «Språkfakta om Vestlandsregionen».

Utlysing Vinjefondet 2017
Journalistpraktikantar frå Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk medieseter på veg fram i Førde.Foto: NRK Nynorsk mediesenter

Utlysing Vinjefondet 2017

Vinjefondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.

Fondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar media, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media. Prosjekt i skriftlege medium blir prioriterte, med jamstilling mellom papirmedium og digitale format.

Vinje-fondet prioriterer tiltak som er handlingsretta og som gjeld domene, sjangrar, medium der nynorsk er lite brukt og som når ut til mange lesarar. 

Nynorsk kultursentrum forvaltar støtteordninga på oppdrag frå Kulturdepartementet. Alle søknader blir vurderte av eit uavhengig fagråd, og etter innstilling frå fagrådet gjer styret i Nynorsk kultursentrum endeleg vedtak i juni.

I år kan over 300 000 kroner fordelast på gode prosjekt.

Søknadsfrist 15. mai 2017.

Meir informasjon hos direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 70

 

Lenkjer:

Retningslinjer for Vinje-fondet

Søknadsskjema 2017 (word)

Søknadsskjema 2017 (pdf)