705 fråsegner for nynorsk i Vestlandsregionen

705 fråsegner for nynorsk i Vestlandsregionen

858 høyringsfråsegner kom inn om Vestlandsregionen. Åtte av ti fråsegner handla om språk, og 705 fråsegner gjekk inn for nynorsk. Ti fråsegner ville ha bokmål eller ein språknøytral region. – Takk til alle som brydde seg og sa kva dei meiner, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som er overvelda over resultatet.

– Høyringa stadfestar kor viktig nynorsk er for mange på Vestlandet, og kor viktig det er for folk andre stader i landet at den nye regionen blir nynorsk, seier Grepstad. – Dei overveldande mange fråsegnene viser eit personleg språkpolitisk engasjement som er sterkare enn vi våga å håpe på.

Denne og neste veke tek dei tre fylkestinga endeleg stilling i regionsaka. I eit felles bev til fylkestinga peikar leiarane i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag og rådsordføraren i Nynorsk kultursentrum på at mange no ventar at fylkestinga gjer vedtak om språk og ikkje sender saka over til ei fellesnemnd i framtida.

«I respekt for demokratiske spelereglar og dei som har teke imot invitasjonen til å engasjere seg i regionsaka, bør fylkestinga ta stilling no. Det er fylkestinga dei har valt, dei som har ytra seg, og det er til desse fylkestinga dei har vendt seg med meiningane sine. Då må ikkje dette reduserast til ei oversendingssak til eit organ ingen har røysta på», heiter det i brevet som alle fylkestingsmedlemene fekk fredag.

Tidleg i oktober inviterte Nynorsk kultursentrum Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar til ein aksjon der målet var minst 250 høyringsfråsegner for nynorsk. Resultatet blei det tredoble.

– Vi la fram fakta og eit dusin sentrale argument og gjorde alt saman lett tilgjengeleg på nettet. Fråsegnene skreiv folk sjølve, fortel Grepstad. Han rosar målrørsla for godt arbeid og fortel at 80 fråsegner er frå lokale mållag og ungdomslag. Blant dei meir enn 600 andre som vil ha nynorsk, er både Bergen kommune, Hordaland Unge Høgre, Sparebanken Vest, Fagforbundet i dei tre fylka, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda og Jæren prosti

Åtte av ti går inn for nynorsk, anten i generelle vendingar eller meir presist om språk i skriv frå staten og/eller administrasjonsspråk i regionen. Seks av ti fråsegner er skrivne av privatpersonar, og nesten alle desse handlar om språk. – Stikkprøver viser at halvparten av privatpersonane ikkje er med i noko mållag. Her er det grasrota, grunnplanet, folk flest som snakkar og skriv, ikkje dei som ofte og gjerne tek ordet, seier Grepstad.

Langt på overtid torsdag 8. desember var 858 fråsegner registrerte og publiserte; wei fråsegn frå Odda kommune mangla. Denne høyringa er til ei av dei største i nyare tid: – Det kom inn fleire høyringsfråsegner om søndagsopne butikkar, og den saka gjaldt kvart einaste lokalsamfunn i heile landet. Meiningane er delte om regionen, men språket har ingen lenger sakleg grunn til å vere i tvil om, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Lenkje til tabell "Høyringsfråsegner i Vestlandsregionen" (pdf)