350 born på utstillingsopning i Aasen-tunet

Over 350 born frå 26 ulike barnehagar i regionen tok onsdag del i opninga av den årlege barnekunst-utstillinga i Ivar Aasen-tunet.

– Det er blitt gigantisk, seier formidlar i Ivar Aasen-tunet, Liv Astrid Skåre Langnes, om prosjektet som finn stad i desember kvart år.

Sidan 2008 har Aasen-tunet invitert barnehagar i regionen til å ta del i utstillingsprosjektet. I år er det bidrag frå Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy, Stryn og Hornindal.

Barnekunst-utstillinga tek utgangspunkt i ei nynorsk barnebok, som barnhagane får i gåve frå forlaget når det takkar ja til å vere med. Utover hausten arbeider barnehagane med boka, og resultatet blir altså feiande flott kunst frå ungane.

– I år er det boka Snøhumla Mille borna har henta inspirasjon frå, seier Skåre Langnes.

Boka er skriven av Janne Marit Øye, med illustrasjonar av Anne Angelshaug. Forfattaren var sjølv til stades på opningsarrangementet og las frå boka.

I tillegg var det både song og servering av kakao frå utescena i eit ruskete og vått desembervêr.