31 utstillingar på 15 år
Dokumentasjonsleiar Anders Aanes inviterer til utstilling med utdrag frå nesten alle temautstillingane som er produserte i Ivar Aasen-tunet. Det er ikkje få.Foto: Laila Walseth Lid, Ivar Aasen-tunet

31 utstillingar på 15 år

Det har gått 15 år sidan Ivar Aasen-tunet opna dørene i Hovdebygda. Kvart einaste år har det kome nye temautstillingar. No blir utdrag frå nesten alle utstillingane viste i basisutstillinga.

Den samansette utstillinga har fått tittelen Den leiken, den ville han sjå, og vil i første omgang stå framme til 26. november.

– I samband med at Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015, syntest vi det passa bra å lage ei slik jubileumsutstilling, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes.

400 plansjar

Utstillingsformatet har i alle år vore mellomstore plansjar og rullebanner. I tillegg har sjølvsagt unike gjenstandar, bøker og avisutklipp vore utstilte saman med dette. Men Den leiken, den ville han sjå er hovudsakleg eit utval av plansjar og banner, saman med informasjon om utstillingane, og dessutan bøker. Med ein produksjon på nesten 400 plansjar sidan 2000, har ein måtte ta nokre val.

– Det er interessant å sjå både kor like og ulike utstillingane er. Vi har hatt ein mål om å bruke mest mogleg opne tekstar i utstillingane, så ein vil sjå at det er mykje bruk av sitat i utstillingane, seier Aanes.

Likskapen i utstillingane vil ein også sjå i det grafiske uttrykket, fordi det stort sett har vore same formgivaren heile vegen. Det er Aina Griffin som har stått for dette arbeidet. Dei siste åra har dessutan Jannicke Velsvik frå Volda formgitt eit par utstillingar.

Stor spennvidde

Den nynorske skriftkulturen og litteraturen er naturleg nok ein fellesnemnar i temautstillingane. Elles spenner tematikken nokså vidt. Frå kaffistover til omsetjing, og dessutan reine forfattarutstillingar. Dei sistnemnde temautstillingane har som regel vore knytt til kven som har vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Etter kvart har ein lausrive seg meir og meir frå dette grepet.

– Då Arne Moslåtten (tekstforfattar i Hellbillies, red.m.) var festspeldiktar, laga vi ei temautstilling om songlyrikk. Og då Rønnaug Kleiva var på heimlege trakter, var det novellekunsten det handla om, fordi Kleiva er kjend for den knappe stilen, seier Aanes.

– Vi arbeider mot å fristille oss endå meir i høve aktuelle jubileum, men nokre gonger er det vanskeleg å kome utanom, slik som ved grunnlovsjubileet i 2014. Då laga vi ei utstilling om samanhengen mellom språk, makt og demokrati.  

 

For meir informasjon:

Dokumentasjonsleiar Anders Aanes, tlf. 70 04 75 80

Dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78