1887-årgangen av Fedraheimen publisert
Fedraheimen 8. januar 1887.Foto: SEDAK

1887-årgangen av Fedraheimen publisert

Den ellevte årgangen av den viktige landsmålsavisa Fedraheimen er no tilgjengeleg i fulltekstformat.

Nynorsk kultursentrum samarbeider med Norsk Ordbok 2014 om å digitalisere og gjere tilgjengeleg avisa Fedraheimen, som blei gitt ut som vekeavis i perioden 1877-1891. Norsk Ordbok 2014 er ansvarleg for å overføre tekstane til digital form, medan Ivar Aasen-tunet har ansvaret for å publisere innhaldet på Internett.

Fedraheimen var ei av dei viktigaste norske avisene på 1800-talet. Avisa var den første store nynorskavisa etter Dølen, og fleire kjende journalistar og forfattarar leverte stoff til Fedraheimen.

Gå til Fedraheimen på nett. 

Fedraheimen kom ut frå 1877 til 1891. Den første redaktøren var Arne Garborg, og avisa vart i alt redigert av minst tolv personar. Nokre av desse sat berre kort tid, dei tre som sat lengst, var Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Avisa vart redigert fire ulike stader – Kristiania, Tynset, Fredrikstad og Skien.

Målsaka stod sentralt for Fedraheimen. Avisa var aktiv i målpolitiske debattar, og dei fleste nummera hadde òg minst éin litterær tekst. Både nye og meir etablerte forfattarar leverte dikt eller forteljingar til avisa.

Avisa starta som eit vekeblad for det norske folket, men vart gradvis meir radikal, ikkje minst då Steinsvik styrte avisa. Dei to siste åra kom det ut få nummer, og det siste nummeret kom i juni 1891.

Les meir om Fedraheimen i nettleksikonet Allkunne.