– Vestlandet, det er nynorsk, det
Foto: Sunniva Lund Osdal

– Vestlandet, det er nynorsk, det

– Intensjonsavtalen om Vestlandsregionen viser at harde fakta må på bordet. Vestlandet, det er nynorsk, det, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. I dag publiserte institusjonen «Språkfakta om Vestlandsregionen» på aasentunet.no.

– Vi har ønskt å vise kor viktig nynorsk er på Vestlandet, og kor viktig nynorsk på Vestlandet er for den språklege jamstellingspolitikken nasjonalt. Fleire innbyggjarar på Vestlandet enn elles i landet stør den politikken, seier Grepstad. Ved å redusere bruk av nynorsk til eit forhandlingskort meiner han politikarane gjer Vestlandet mindre enn det er.

Grepstad strekar under at Nynorsk kultursentrum har teke med alle pålitelege data, anten dei peikar i favør nynorsk eller ikkje.

Nynorsk dominans

Av publikasjonen «Språkfakta om Vestlandsregionen» går det fram at åtte av ti kommunar i dei tre fylka har kravd at staten bruker nynorsk overfor dei. Vidare bruker sju av ti kyrkjesokn nynorsk liturgi, medan tre av fire aviser på Vestlandet er redigerte på nynorsk eller på både nynorsk og bokmål. Nynorsk kultursentrum dokumenterer også at over halvparten av musea i dei tre fylka bruker nynorsk.

I forhandlingane om Vestlandsregionen sette Rogaland ned foten for nynorsk som administrasjonsspråk i den nye regionen. Nynorsk kultursentrum viser at Rogaland har fleire nynorskelevar i grunnskulen enn Sogn og Fjordane, men at mange fleire skiftar til bokmål i vidaregåande skular i Rogaland enn i Sogn og Fjordane.

Tyngdepunktet er Hordaland

– Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet, men Hordaland er tyngdepunktet, seier Grepstad. Hordaland har fleire nynorskkommunar enn noko anna fylke, fleire nynorske kyrkjesokn og fleire nynorskaviser. Halvparten av alle nynorskelevane ved avgangseksamen i vidaregåande skule held til i Hordaland, medan Sogn og Fjordane truleg har fleire vaksne nynorskbrukarar enn Hordaland og mange fleire enn Rogaland.

Privat bruker eit klart fleirtal av innbyggjarane på Vestlandet bokmål, men i store område utanfor byane dominerer nynorskbrukarane, konstaterer Grepstad og legg til: – Ingen stad i Noreg bruker så mange nynorsk privat som på Vestlandet. Saman med dei mange institusjonane som bruker nynorsk, representerer Vestlandet ei språkpolitisk kraft som ingen kan oversjå i nasjonal kulturpolitikk.

Tabellane finn du her