– Språkpolitisk ubrukeleg medieinnstilling
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

– Språkpolitisk ubrukeleg medieinnstilling

– Innstillinga frå Mediemangfaldsutvalet er språkpolitisk ubrukeleg, meiner direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Det er bra at utvalet vil styrkje den offentlege mediestøtta. Diverre drøftar ikkje utvalet heile det norske mediemangfaldet, tek ikkje omsyn til ein grunnleggjande føresetnad frå Stortinget og anar ikkje korleis tiltaka deira slår ut for nynorskbrukarane.

Eit av dei få lyspunkta finn Grepstad på side 16 i den 193 sider lange innstillinga. Der skriv utvalet: «Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.» – Sjølv om utvalet framhevar dette, seier dei aldri noko meir om den nynorske mediebruken, rolla til dei språkblanda avisene eller kor viktig pressestøtta er for nynorskbrukarane. Heldigvis handterer utvalet dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka på ein heilt annan måte, men dermed blir språkpolitikk redusert til det som gjeld språklege minoritetar.

Dei siste 50 åra har sju offentlege utval lagt fram mediepolitiske utgreiingar. Grepstad ser eit tydeleg mønster. – I både 1967, 1976, 1982, 1992, 2000 og 2010 mangla det overordna språklege perspektivet, seier han. – Vi hadde gode voner om at det ville bli annleis denne gongen, skreiv vi til mediemangfaldsutvalet i juni 2016. Så feil kan ein ta. Dette utvalet har vore meir oppteke av målformuleringar enn av målformer.

I fjor sommar stilte Nynorsk kultursentrum til rådvelde all den oppdaterte og historiske dokumentasjonen som institusjonen har utvikla for både presse, radio og tv. Nynorsk kultursentrum minte også om prinsippet nynorsk, som Stortinget slutta seg til i 2009. Det prinsippet inneber at nynorsk alltid skal reknast med der norsk språk blir tematisert, og at det skal grunngivast viss omsynet til nynorsk ikkje er relevant. – Utvalet har heva seg over Stortinget, neglisjert heile greia og valt vekk viktig kunnskap i arbeidet sitt, seier Ottar Grepstad.

– Endå eit medieutval har tolka mandatet sitt slik at det slapp å gå inn i desse spørsmåla. Det passar ein del mediekonsern godt. Dermed avslører avis- og mediebransjen sin eigen avstand til overordna perspektiv som skriftkultur og kor viktig språk er som infrastruktur i eit moderne samfunn. Bokbransjen greier i det minste å argumentere prinsipielt for dette.

Utgreiinga har fått tittelen «Det norske mediemangfoldet». Det kallar direktøren i Nynorsk kultursentrum ei tilsløring. – Undertittelen «en styrket mediepolitikk for borgerne» er diverre mest ei elegant meiningsløyse, for utvalet har ikkje vurdert følgjene for alle borgarane, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum og legg til: – Dei alvorlege manglane gjer innstillinga til eit einaste langt argument for det nye, uavhengige Vinje-senteret. Ein politikk for norsk mediemangfald treng eit mykje betre faktagrunnlag enn det som no ligg føre.