– Språkpolitikken tilbake til Stortinget

– Språkpolitikken tilbake til Stortinget

– Dei fleste partia meiner mindre om vilkåra for dei to norske språka bokmål og nynorsk enn for urfolk og minoritetar. Nytt av året er at fleire parti bind saman språkpolitikk og sosialpolitikk, og berre eitt parti vil ta språkpolitikken tilbake til Stortinget.

Slik oppsummerer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum språkpolitikken i partiprogramma ved inngangen til valkampen. Tysdag publiserte Nynorsk kultursentrum det omfattande skriftet «På parti med språket?» på aasentunet.no. Der står alt partia har programfesta om språkpolitikk sidan 1906, med kommentarar og analyse. Det er fjerde gongen Nynorsk kultursentrum dokumenterer språkpolitikken til alle dei viktigaste partia.

Les "På parti med språket?" her (pdf)

Språkets rolle i sosialpolitikken

I stortingsvalprogramma bruker partia mest plass på å forme ein språkpolitikk overfor urfolk, historiske minoritetar og nye innvandrarar. At språk er viktig for kulturell integrering og inkludering har fått fleire parti til å ta språkpolitikken inn i sosialpolitikken.

Grepstad meiner denne endringa er tydelegast hos Arbeiderpartiet. I 2013 stilte partiet krav til arbeidsgivarar om betre språkopplæring for arbeidsinnvandrarar. I år vil Arbeiderpartiet at dette skal gjelde «særleg sårbare grupper som unge, mellombels tilsette og utanlandske arbeidarar». Også Miljøpartiet De Grønne, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, SV og Venstre ser ulike samanhengar mellom språk og sosialpolitikk. 

Mykje om minoritetar, lite om dei norske språka

– Det partia seier minst om, er dei to norske språka nynorsk og bokmål, og aller minst snakkar dei om bokmål, seier Grepstad. – Presset frå engelsk råkar særleg bokmål, og det meinte mange parti noko om tidleg på 2000-talet. No nemner nokre saka mest i forbifarten.

Han forklarer det med at partia ikkje er oppdaterte på det språkfaglege området. – Dei tek ikkje innover seg korleis moderne skriftkulturar verkar og koplar til dømes framleis pressestøtta berre til ytringsfridom og meiningsmangfald, ikkje til språkpolitikk.

Venstre tek språkpolitikken tilbake til Stortinget

Berre Venstre har programfesta at Stortinget skal vedta ei ny språklov, og partiet vil ha det gjort i 2019 – Då kan Stortinget på ny ta hand om språkpolitikken, seier Ottar Grepstad.

I 2009 slutta eit breitt fleirtal i Stortinget seg til hovudlinjene i ei ambisiøs stortingsmelding om språkpolitikk frå regjeringa Stoltenberg. – Etterpå sende Stortinget frå seg språkpolitikken, men der var ingen mottakar. Det kunne dei folkevalde aldri ha gjort om det gjaldt samferdsel, helse eller forsvar, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.