– Snakk opp verdien av Norsk Ordbok
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

– Snakk opp verdien av Norsk Ordbok

– No må ingen leiarar ved Universitetet i Oslo snakke ned verdien av innsatsen til dei tilsette ved språksamlingane og Norsk Ordbok, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Solholm har følgt saka lenge og undrar seg over somt av det leiinga ved universitetet har sagt og gjort det siste halvåret. – Når Universitetet i Oslo skal overføre dette til andre, skulle ein vente at dei gjorde alt dei kunne for å sikre høgast mogleg kvalitet på det dei gir frå seg, særleg når regjeringa så tydeleg ønskjer ei god løysing, meiner Solholm.

I slutten av november gjekk Nynorsk kultursentrum inn for at Norsk Ordbok og språksamlingane blir organisert som eit nasjonalt fellesføretak. Styret drøfta utviklinga i saka på eit styremøte før helga. – Dette dreiar seg truleg om det største forskingsprosjektet innanfor humaniora i Noreg dei siste hundre åra. Nynorsk kultursentrum såg at det var nødvendig å ta eit formelt og forpliktande initiativ for å sikre vidare drift av noko som er så viktig for så mange, seier Lodve Solholm.

– Dei største orda i norsk språk må hentast fram for å få fram kva dei tilsette i dette prosjektet faktisk har fått til. Norsk Ordbok er blitt eit av dei fremste vitskaplege ordbokprosjekta i Europa. Eg har sett mykje rart, men det går over mi fatteevne at ikkje alle i norske vitskapsmiljø ser kva språksamlingane og Norsk Ordbok har å seie for alle som bruker norsk språk, forskarar medrekna.

I november la Nynorsk kultursentrum på eige initiativ fram ei skisse til ein ny permanent driftsorganisasjon for Kulturdepartementet. I notatet peikar Nynorsk kultursentrum på ei samla løysing ved Universitetet i Bergen og ei delt løysing med språksamlingane i Bergen og ordbokredaksjon ved Høgskulen i Volda. Solholm har stor tru på den delte løysinga.

– Med ei delt løysing får vi utnytta soliditeten i eit stort universitet og smidigheita til ein høgskule. Utviklinga i Oslo viser kor viktig det er at dette tiltaket ikkje forsvinn i korridorar og rekneskapar, men får prege det vitskaplege miljøet. Då er den delte løysinga grunnsolid, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

 

(15.12.14)