– Kulturbudsjettet bremsar viktige prosjekt
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

– Kulturbudsjettet bremsar viktige prosjekt

– Nynorsk kultursentrum har mykje ugjort, og vi leitar heile tida etter ulike pengekjelder, men dette kulturbudsjettet bremsar viktige prosjekt som er i arbeid, seier styreleiar Lodve Solholm.

– Det er godt at Samlaget får meir til barne- og ungdomslitteratur, men det er svakt at regjeringa står utan ein langsiktig plan for Norsk Ordbok etter band 12.

Nynorsk kultursentrum får 18,1 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2016. Etter at den varsla moms-auken er trekt frå, utgjer dette under 300 000 kroner, eller 1,7 prosent meir enn i år. For andre år på rad er dette mindre enn venta løns- og prisvekst.

Søkte om fire millionar meir

– Vi driv effektivt og får mykje ut av lite, men no trengst friske statlege midlar. Vi har hatt sponsoravtalar i 16 år og merkar at næringslivet har fått anna å tenkje på, seier direktør Ottar Grepstad.

Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta og 18 fast tilsette driv fleire museum og festivalar på Vestlandet og blei tidlegare i haust kåra til Årets museum 2015. For 2016 søkte institusjonen om 2 millionar kroner eller 11 prosent meir enn løyvinga for 2015. I tillegg har Nynorsk kultursentrum sagt seg villig til å forvalte ei første løyving på 2 millionar til det vidare arbeidet med Norsk Ordbok etter at band 12 ligg føre våren 2016.

– Dei midlane nynorskinstitusjonane får i 2016, kjem dei til å bruke godt. Nynorsk kultursentrum saknar likevel ei tydeleg nynorsksatsing frå regjeringa som svarar på det overordna målet om jamstilling mellom dei to norske skriftspråka. seier Lodve Solholm.

Positiv til endra festivalstøtte

Nynorsk kultursentrum eig og driv både Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival. No anar dei ei opning for betre rammevilkår for desse festivalane.

Direktør Ottar Grepstad meiner det er på tide at knutepunktordninga for festivalar blir endra og seier at ordninga har fungert dårleg for arrangørane av litteraturfestivalar. Nynorsk kultursentrum får ordinær støtte over statsbudsjettet og kan i dag difor ikkje få festivalstøtte til nokon av dei festivalane institusjonen eig.

– Vi er samde med regjeringa i at kvalitet skal avgjere, men då må det vise att i den nye støtteordninga, seier Grepstad. – Den nye ordninga må vere open for alle, slik at dei beste og viktigaste festivalane får støtte, uavhengig av kven som driv dei og om dei tidlegare var knutepunktfestival.