– Jon Fosse diktar sine eigne vegar

– Jon Fosse diktar sine eigne vegar

– Jon Fosse diktar sine eigne vegar, og Nynorsk kultursentrum med alle sine 24 stiftarar gratulerer han hjarteleg med Nordisk råds litteraturpris! seier direktør Ottar Grepstad etter at Fosse fekk prisen i Reykjavík tysdag kveld.

– Fosse treng ingen offisielle stempel for at lesarar og teatergjester verda over skal forstå kor god han er, men du verda kor fortent dette er, seier Grepstad. Onsdag går flagget til topps i Ivar Aasen-tunet til ære for prisvinnaren.

Etter Tarjei Vesaas i 1964 og Kjartan Fløgstad i 1978 er Jon Fosse den tredje nynorskdiktaren som får denne heideren. – Det vil seie at representantar for tre generasjonar nynorsk litteratur har nådd til topps. Der er ein klokskap og ein poesi i denne forfattarskapen som alt har gjort Fosse til ein klassikar, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Jon Fosse var styremedlem i Nynorsk kultursentrum 2008–2011. Eit av spørsmåla som då var oppe i styret, var behovet for ei nynorsk litteraturhistorie. Der var Fosse ei klar røyst fortel Ottar Grepstad. – Gong på gong har Fosse poengtert at eit språk må også ha ei litteraturhistorie. Ei slik historie vil vise mange utenkte samanhengar og skilnader i norsk litteratur, seier Grepstad.

Nynorsk kultursentrum har i fleire år arbeidd med å etablere Jon Fosse-arkivet for å ta vare på alle dei historiske og litterære verdiane kring forfattarskapen. Førebels er arkivet å finne i Ivar Aasen-tunet, og Fosse gir jamlege tilførslar av nytt materiale.

Prisen aktualiserer behovet for eit slikt arkiv, meiner Grepstad, som no vil kalle inn til nytt møte i styringsgruppa for Fosse-arkivet. – Saka er grundig utgreidd. Det gjeld å finne beste staden for eit slikt tiltak, og ei løysing som er slitesterk i den digitale framtida, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.