– Grått kulturbudsjett for nynorskbrukarane
Styreleiar Lodve Solholm og direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrumFoto: Aasen-tunet, Anders Aanes og Sunniva Osdal

– Grått kulturbudsjett for nynorskbrukarane

– Det er eit grått kulturbudsjett når regjeringa ikkje vil løyve den summen som trengst for at Vinje-senteret kan kome i gang, seier styreleiar Lodve Solholm. – Vi har lagt fram ein svært grundig og nøktern, men likevel ambisiøs plan for dette senteret for dikting og journalistikk i Telemark. No skal vi gjere det lett for Stortinget å seie ja, lovar Solholm.

Nynorsk kultursentrum får 18,4 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2017. Dette er 300 000 kroner eller 1,8 prosent meir enn i år. For tredje året på rad er dette mindre enn venta løns- og prisvekst.

Utanom løns- og prisveksten søkte Nynorsk kultursentrum om 1,2 millionar kroner i friske midlar til å etablere Vinje-senteret.

Nyutvikling trengst på museumsfeltet

Dei siste 15 åra er musea i Noreg slått saman til få og store einingar. I det same tidsrommet har få nye museum kome til. Nynorsk kultursentrum skil seg ut med det nye Hauge-senteret frå 2011, og Vinje-senteret blir eit anna nytt museum.

– Nye museum skaper dynamikk og representerer ei fornying som Noreg treng og som kjem publikum til gode, seier Grepstad. No meiner han det er blitt vanskelegare enn det bør vere å fornye museumsfeltet.

Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta og 18 fast tilsette driv fleire museum og festivalar på Vestlandet og blei i fjor kåra til Årets museum 2015. Nyleg var Nynorsk kultursentrum med på ein verdskonferanse i Dubrovnik som årleg inviterer nær 30 av dei beste musea i verda.

Saknar ei tydeleg nynorsksatsing

– Dei midlane nynorskinstitusjonane får i 2017, kjem dei til å bruke godt. Nynorsk kultursentrum saknar likevel ei tydeleg nynorsksatsing frå regjeringa som svarar på det overordna målet om jamstilling mellom dei to norske skriftspråka, seier Lodve Solholm.

Eit samla nynorskmiljø har prioritert auka støtte til Nynorsk pressekontor og fast årleg støtte til Landssamanslutninga av nynorskkommunar. – Kommune- og regionreforma held fram, og då burde regjeringa ha greidd å finne pengar til det viktige språkpolitiske arbeidet som Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer, seier Ottar Grepstad.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum er også skuffa over at statsbudsjettet ikkje inneheld ei første løyving til vidare oppdatering og digitalisering av Norsk Ordbok.