Norskdom og nasjonsbygging

Norskdom og nasjonsbygging

Nasjonsbygginga stod sterkt i siste halvdel av 1800-talet. Ein ville finne tilbake til det norske. Men kva var det norske og kven skulle definere det? Målsaka var noko av det som skilde dei ulike sidene i nasjonsbygginga.

Nokre togstopp utanfor Kristiania finn vi frå slutten av 1800-talet to krinsar med nasjonsbyggarar, Lysakerkretsen og Askerkretsen, med dels overlappande og dels motstridande meiningar.

På 1800-talet vart det viktig å finne attende til den norske kulturen. Ei av dei direkte årsakene var sjølvsagt unionsoppløysinga med Danmark, etter over 400 år under dansk styre. Tankane om det nasjonale var også del av ein større europeisk strøyming på 1800-talet, som bygde på 1700-talets opplysingstid og filosofiske teoriar frå mellom anna Johann Gottfried von Herder.

I Noreg finn vi dette i fleire miljø og på fleire område. Særleg kom det til uttrykk innanfor kultur, språk og ulike kunstartar. Ulike nasjonale strøymingar prega hundreåret. Ein drog linjer bakover i norsk historie og til det norrøne, og det som vart rekna som norsk kultur vart henta fram og var med på å forme forståinga av den norske kulturen. Men mellom ulike grupperingar og meiningsmotstandarar var det usemje om korleis den norske kulturen skulle definerast, kva den skulle bygge på og formast etter.

Lysakerkretsen og Askerkretsen

Nasjonalromantikken prega store deler av 1800-talet, og hundreåret er fylt med interessante hendingar og tankegods. I strevet etter det nasjonale og ønsket om å byggje nasjonen, finn vi mellom anna Lysakerkretsen, ein krins av kunstnarar og intellektuelle med felles ideologi som busette seg på Lysaker i Bærum på slutten av 1890-talet. Ikkje langt unna, heldt Askerkretsen hus, med Arne og Hulda Garborg i sentrum, busett på Labråten frå 1897.

Lysakerkretsen samla både kunstnarar, forfattarar, teoretikarar og andre, men var først og fremst ei gruppering av kunstnarar. Til liks med andre kulturfelt, kom det nasjonale til uttrykk også i biletkunsten gjennom måleria av norsk natur og historie- og folkelivskildringar. Det som mellom anna særmerker programmet til biletkunstnarane i Lysakerkretsen, er vektlegginga av den norske form- og fargekjensla: Ved å studere eldre kyrkje- og folkekunst kunne dei finne det særeigne norske og ta det inn i gjeldande kunstprogram. Formspråket endra seg mykje ved slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, men tankane og kunstprogrammet som låg til grunn, var likevel mykje det same. Det handla om å leite fram og føre vidare den norske kulturarven. Personar knytt til Lysakerkretsen kom seg inn i leiande posisjonar i norsk kunstliv og kunne såleis påverke og til dels styre gjeldande kunstprogram.

Ideologien til Lysakerkretsen kan seiast å ta til med Erik Werenskiold, som var ein leiarskikkelse for krinsen, kunsthistorikar Andreas Aubert, kunstnaren Gerhard Munthe og eldre nyromantikarar, og seinare vidareført av Matisse-elevar som Henrik Sørensen og Axel Revold, og etter kvart Revold-elevane. Fridtjof Nansen var òg nært knytt til krinsen, både geografisk og ideologisk.

Askerkretsen var ei delvis fast og delvis skiftande gruppering av målfolk som søkte mot det ideologiske sentrum Arne og Hulda Garborg etablerte på Labråten. Hit kom meiningsfeller som busette seg eller kom på besøk. Askerkretsen vart ein halvoffentleg møteplass og eit uformelt nettverk som fekk stor betydning for målrørsla og norskdomen. Marta og Rasmus Steinsvik, Steinar Schjøtt, Karen og Ivar Mortensson, Rasmus Løland, Olav Nygard, Kristoffer Uppdal og Tilla og Otto Valstad var alle knytt til Askerkretsen, i tillegg til fleire som var nært eller perifert knytt til grupperinga. Personar knytt til krinsen produserte ei mengd bøker og skrifter, dei dreiv fleire aviser som vart viktige talerøyr i den motkulturelle offentlegheita, og var med på å institusjonalisere målrørsla, med Det Norske Teatret som det store prosjektet. Hulda Garborg gjorde ein stor innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg, og gav også ut den første kokeboka på landsmål.

Ingen av krinsane hadde noko slags formell organisering, omgrepa Lysakerkretsen og Askerkretsen viser til overlappande ideologisk og geografisk avgrensa miljø der ulike grupperingar busette seg eller identifiserte seg med. I mange samanhengar blir også Lysakerkretsen brukt om begge miljøa. Det er både rett og galt, det spørs korleis ein definerer miljøa: geografisk, ideologisk eller språkleg. På mange område hadde desse grupperingane felles kampsaker, dei samarbeidde og pleia sosial omgang med kvarandre. På andre område stod dei steilt mot kvarandre. Dei var begge born av si tid og si tids strøymingar, men hadde ulike bakgrunnar og innfallsvinklar.

Politisk og kulturell nasjonalisme

Ulik politisk ståstad og ulike samfunnslag kan forklare mykje av det som skilde dei to krinsane. Askerkretsen representerte bygdekulturen, Lysakerkretsen den borgarlege samfunnseliten. Der Askerkretsen ville finne fram att og formidle den norske kulturen etter ei nedanfrå og opp-haldning, hadde Lysakerkretsen ein innfallsvinkel som var meir elitistisk, med band til embetsmannskulturen og med påverknad frå dansk kulturarv.

Ideen om tokulturlæra, eller tonasjonslæra – at dansk-norsk og norsk utgjorde to ulike nasjonar i strid – var noko av det som splitta dei ulike grupperingane. Spesielt målsaka var det som tydelegast skilte dei ulike grupperingane. Målrørsla innkasserte fleire sigrar, som jamstellingsvedtaket i 1885. Noreg vart offisielt ein språkdelt kultur. Målstriden spissa seg til med Bjørnstjerne Bjørnsson sitt angrep på landsmålet i 1899, der han også lanserte omgrepet «rigsmaal» (Fidjestøl 2014, s. 41). Tanken om samnorsk dukka opp på 1880-talet, med Moltke Moe som ein ivrig forkjempar. Moe var knytt til Lysakerkretsen, der fleire støtta ideen om å sameine riksmål og landsmål. Men der språkspørsmålet lenge låg og gnog mellom ulike grupperingar, vart temaet etter kvart betent. Kravet og seinare vedtaket om artiumstil på sidemål fekk folk i skyttargravene og gjorde forskjellane tydelegare. Framgangen til landsmålet og den obligatoriske sidemålsstilen var òg bakgrunnen for teaterslaget, eit vekelangt opprør i og omkring Det Norske Teatret då dette opna i Kristiania i oktober 1913. Igjen finn vi garborgarane i sentrum for hendingane. Tanken om samnorsk vart formelt avlyst først i 2002 (J. Grepstad 2012), men som noko samlande tilnærming mellom ulike grupperingar rundt førre hundreårsskiftet vart det aldri.

Askerkretsen og Lysakerkretsen vart to viktige miljø i denne perioden prega av søket mot det norske. Like fullt var det fleire grupperingar, både på tvers og langs av nemnde krinsar. Dette var ei tid med fleire brytningar, der også fleire politiske saker og vedtak prega nasjonen. Ikkje minst unionsstriden, som også var med på gjere skilnadene mellom ulike grupperingar tydelegare. Folkerørsler og motkulturar vaks fram i siste halvdel av 1800-talet, og mobiliserte mot embetsmannstaten, og parlamentarismen vart innført.

Jostein Nerbøvik talar om politisk og kulturell nasjonalisme som to ulike fenomen som i mange tilfelle likevel var to sider av same sak (Nerbøvik 2000, s. 19). Noregs Ungdomslag vart etablert i 1896, og med parolen til den frilyndte ungdomsrørsla blir det tydeleg at dei ulike sidene av nasjonalismen var sterkt samanbundne. Parolen «Ut or unionane» var i fleirtal og viste til den politiske nasjonalismen – Sverige og unionsstriden – og den kulturelle nasjonalismen – Danmark og tonasjonslæra, deriblant språkstriden.

Verdsborgarar bygd på norsk kultur

Verken Lysakerkretsen eller Askerkretsen var redd for å blande det som ikkje var typisk norsk i arbeidet med å styrke den nasjonale identiteten. Askerkretsen omsette mange utanlandske verk til landsmål, og Lysakerkretsen sitt kunstprogram fekk etter kvart påverknad frå Frankrike og Matisse. Matisse-elevane fann fram til ein symbiose av fransk målarkunst og den nasjonale stilen. Så var det heller ikkje Askerkretsen og deira meiningsfeller sitt ønske å fiksere eit verdsbilete bygd på fortida. Tvert i mot var dei vidsynte og framsynte. Dei ville vere med på å forme det nye Noreg, og fann den solide grunnmuren i bygdekulturen. Som Nerbøvik skriv: «Kulturnasjonalistane gjekk i alle fall mot både unionismen og skandinavismen, noko dei tykte var for smalt og provinsielt. Dei ville i staden vere europearar og verdsborgarar, nett slik som Vinje, Garborg og Duun.» (Nerbøvik, s. 31).

Arven etter Askerkretsen viser den kulturelle og politiske sprengkrafta som låg i arbeidet deira. Med Askerkretsen vart kampen om norskdom tydeleg, og dei etablerte og institusjonaliserte ein motkultur som bygde på det gamle og strekte seg langt inn i framtida.

Stina Aasen Lødemel, 12.2.16

 

Ivar Aasen-tunet produserte i 2001 ei temautstilling om Askerkretsen.

Kjelder

Gunnar Danbolt: Norsk kunsthistorie. Bilde og skulptur frå vikingtida til i dag. Samlaget 2009

Jon Grepstad: «Samnorsk», allkunne.no, publisert 4.4.2012 (lesedato 22.1.2016)

Ottar Grepstad: Eit språk blir til, allkunne.no  (lesedato 22.1.2016)

Ottar Grepstad: «Askerkretsen: mytar står for fall», i Det nynorske blikket. Samlaget 2002

Alfred Fidjestøl: Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924. Samlaget 2014

Jens Johan Hyvik: Tokulturlæra i norsk historie. Samlaget 2016

Jostein Nerbøvik: «Den norske kulturnasjonalismen», i Nasjonsbygging og modernisering.

Noregshistorie.no: «1870–1914: industrialisering og demokrati» (lesedato 22.1.2016)

Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet, nr. 8. Høgskulen i Volda 2000

Bodil Stenseth: En norsk elite. Nasjonsbyggerne på Lysaker 1890–1940. Aschehoug 1993