Museum

Basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet er hovudattraksjonen vår, og har dei siste åra fått ei rekkje nye element.

Vil du til dømes kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket, eller kanskje vil du vite meir om dialektmerke i Skandinavia? I basisutstillinga vil du finne installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. 

Unik utstilling

Basisutstillinga, som er produsert i eit unikt samarbeid mellom arkitekt og utstillingsprodusent, innheld mange faste element. Sidan 2007 har det rett nok gått føre seg ei utstillingsfornying som har resultert i mange nye og spennande installasjonar. For borna vil det vere gildt å prøve Verdas minste kinosal, der tunkatten Lurivar har spela inn mange kjekke videohelsingar. Og etterpå kan det vere artig for både vaknse og born å snurre på det heilt eigenutvikla dikthjulet i Aasen-tunet.

Utstillinga inneheld no også høgdpunkt i populærmusikk på nynorsk, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og tre trykkskjermar der ein kan dykke ned og få meir kunnskap om både Ivar Aasen og språk i verda. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos dei som bur i Språkhuset.

Dei nye installasjonane i Ivar Aasen-tunet er omsett til engelsk.

Eldste personmuseum

I tillegg til basisutstillinga, er der andre bygningar i Ivar Aasen-tunet som går inn i den totale museumsopplevinga. Gamlemuseet frå 1898, det eldste personmuseet i Noreg, er vel verdt å få med seg. Frå sommaren 2014 har vi òg opna Stabburet for publikum – den einaste bygningen som står att frå garden der Aasen vaks opp. Her vil du finne ei lydforteljing skriven av Erna Osland.

I Gamlevegen er det dessutan ein lydsti, der innhaldet blir skifta med jamne mellomrom. Sommaren 2014 er det røysta til Anderz Eide som tonar ut av høgtalarane, saman med musikk av Johan Söderqvist. Det publikum får høyre, er Aasens mest kjende dikt: «Nordmannen». Opptaket er henta frå reklamefilmen «Made by Norway» for Aker, og lydinstallasjonen set tonen for museumsbesøket alt før ein løyser billett.

Skal gi refleksjon

Målet med utstillingane våre, er at dei skal svare på kvifor det var naudsynt med eit nytt norsk skriftspråk, og kvifor det framleis er naudsynt å halde oppe dette skriftspråket.

Det er også eit mål at dei som vitjar utstillinga skal bli inspirerte til refleksjon over sitt eige språk, og at dei får ei større forståing av språk som fenomen.

I tillegg til utstillingane i nybygget har vi også med jamne mellomrom utstillingar i Galleriet, altså steinhuset frå 1946. Oftast er det kunstutstillingar vi stiller ut her, men det kan også vere temautstillingar vi har lånt frå andre produsentar. Sommaren 2014 er det den verdskjende kunstnaren Ørnulf Opdahl som stiller ut i Galleriet.