Kurs, møte eller selskap?

Lokala i Ivar Aasen-tunet høver godt for ulike typar lukka arrangement, og vi tilpassar tilboda om utleige og ev. omvising til gruppestorleik og type arrangement.

Salen har 110 gode sitjeplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene.
Kafeen har normalt omlag 50 plassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering.

I tillegg til rein romutleige, kan vi tilby servering av alt frå kaffi og svele til treretters middag. Vi tilbyr sjølvsagt også omvisingar i utstillingane i nybygget og i gamletunet, gjerne som ein del av ein seminardag.

Ta kontakt med tunvert Ingrid Opedal (tlf 70 04 75 85) eller kaféleiar Milan Ilic (70 04 75 84) for nærare opplysningar og pristilbod.