Bloggen: Flytt deg Jonas Lie

Bloggen: Flytt deg Jonas Lie

– Ideen om ein gullalder i norsk litteratur med «dei fire store» gagnar Gyldendal Norsk Forlag meir enn det gagnar skuleelevar og lesarar, skriv redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark i bloggen denne veka.

Denne vinteren har det gått to ulike debattar som kjem inn på diskusjonen om kva norsk litteratur som er viktigast og vakrast eller «verdt å ta vare på», som det heiter i kulturdebatten. Den første blei sett i gang av litteraturkritikar Knut Hoem i NRK. Han hadde lese norskbøkene til sonen sin og var forferda over at åttandeklassingane las så få klassikarar.

Ifølgje kritikaren inneheld norskbøkene for ungdomsskulen for mykje om lesestrategiar og abstrakte omgrep i staden for at dei les litteratur. Han stilte òg spørsmål ved «denne påfallende overrepresentasjon av forfattere som ikke hadde rukket å bli klassikere, og som trolig aldri vil bli det heller». Hoem gir dermed inntrykk av at skulen bør ha som ei viktig oppgåve å formidle klassikarane i norsk og nordisk litteratur. Han harselerer over at «Jeg ser» ikkje er nemnd i leseverket for åttande steget, medan Bjørn Eidsvågs «Eg ser» har fått plass. Forlaga og lærarane deltok i den vidare debatten, som kom til å handle mest om kva mål norskundervisinga i skulen skal nå eller ikkje.

Eit viktig element blei utelate i diskusjonen Hoem starta. Kva som er klassikararar blir definert av nokon og omdefinert heile tida. Forfattarar som var folkelesnad for nokre generasjonar, kan ofte bli gløymde av ettertida. Jens Tvedt og Jonas Lie er døme på dette.

Den andre debatten om kva litteratur som er viktige delar av den felles kulturarven vår, tok til med at leiaren av programnemnda i Høgre, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, tok til orde for å etablere ein offentleg offisiell norsk kulturkanon. Dette skulle vere det konservative svaret på vår tids leiting etter nasjonal identitet og fellesskapskjensle.

Bloggen: Flytt deg Jonas Lie
Logoen til den danske kulturkanonen. (Foto: Kulturministeriet)

I Danmark tok kulturminister Brian Mikkelsen (K) initiativ til ein tilsvarande kanon på byrjinga av 2000-talet. Mikkelsen var kulturminister i nabolandet vårt frå 2001 til 2008. Den danske kulturpolitikken i denne perioden er det einaste klare dømet på ein eintydig ideologisk konservativ kulturpolitikk i Norden. Mikkelsen fekk oppnemnd ei rekke utval som skulle finne fram til verk som definerte dansk kultur for ei såkalla evig framtid. Den danske kanonen inneheldt 108 verk, inkludert ein lyrikkantologi med 24 ulike dikt og viser. Dei ulike verka blei presenterte for skuleelevar og andre i mange ulike samanhengar.

Mange har argumentert mot ein norsk kanon, og meiner det ikkje er ei offentleg oppgåve å definere kva som er det fremste i norsk kunst og kultur. Eit gløymt poeng i denne debatten, som blir synleg når vi ser det i samanheng med norskfag-diskusjonen, er at vi i praksis har ein norsk kulturkanon. Det er ei forventing frå fleire hald om at alle skal lære om og oppleve nokre såkalla klassikarar.

Det at nokon får hevd om eit klassikar-omgrep, kan gjere at vi skaper blindsoner i norsk litteraturhistorie. Omgrepet «dei fire store» kan stå som eit tydeleg døme på det. Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Alexander Kielland og Jonas Lie har i fleire generasjonar vore svar på spørsmålet «Kven var dei fire store?» frå norsklæraren på skulen. Likevel kan vi stille spørsmål ved om det verkeleg er sånn.

Artikkelen held fram etter videoklippet.

--

Omgrepet «dei fire store» har òg vore med på å etablere ideen om at realismen er ein gullalder i norsk litteratur. Det var då norsk litteratur var på høgda. Det har vore argumentert for at denne gullalderen er konstruert for å synleggjere norsk intellektuell og kunstnarleg storskap i samband med nasjonsbygginga på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Dei fire store er alle mannlege riksmålsforfattarar frå same periode og utgitt på same forlag, Gyldendal Norsk Forlag. Blant dei store er ikkje landsmålsforfattarar som Arne Garborg og Aasmund Olavsson Vinje, eller kvinner som Amalie Skram. Nobelprisvinnarane Knut Hamsun og Sigrid Undset er ikkje blant desse store. Nyare sentrale diktarar har ikkje hamna blant desse, trass i at Bokklubben Nye Bøker i 1996 forsøkte å lansere De fire nye store med Herbjørg Wassmo, Jan Kjærstad, Kjartan Fløgstad og Dag Solstad.

 

Bloggen: Flytt deg Jonas Lie
Thorolf Holmboe Jonas Lie: Samlede værker, forarbeid til bokbind. Foto: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Kor og korleis omgrepet «dei fire store» har oppstått, veit vi ikkje. Den eldste kjelda eg har funne er eit innlegg frå redaktøren i Bergens Tidende 16. desember 1905, der han er uroa for at omgrepet er med på å skugge for andre store fortidige, notidige og framtidige forfattarskap. I 1913 dukkar det opp ei rekke annonsar for nyutgivingar av samla verk av desse fire forfattarane i samband med 100-årsjubileet for Grunnlova året etter. Dette er med på å synleggjere det viktige med dei fire store i norsk nasjonsbygging.

På slutten av 1800-talet flagga mange norske forfattarar ut frå norske forlag til forlag i København. Dette skjer samstundes med at kampen for ein norsk kultur og sjølvstende tek til for fullt. Alle dei som seinare er kalla "dei fire store" blei gitt ut i København. Også landsmålsforfattarar og bohemar, som Arne Garborg kan stå som døme på, blei gitt ut på danske forlag på denne tida. Gyldendal Norsk Forlag gjennomfører det såkalla «heimkjøpet» på byrjinga av 1900-talet og kjøper «dei fire store» heim.

Det at desse fire forfattarane var så viktige for bygging av den norske kulturelle sjølvtilliten var nok ei årsak til at ein prioriterte å kjøpe heim rettane til verka. Samstundes var det viktig at heimkjøpet skulle gi økonomisk avkasting. Det er i skuleverka til Gyldendal at omgrepet «dei fire store» først set seg i skulen. Det er nok ikkje tilfeldig.

Bloggen: Flytt deg Jonas Lie
Jonas Lie (foto: Nasjonalbiblioteket). Platecoveret Fløtt deg EEC, du står i veien for sola (foto: Rockheim, Museene i Sør-Trøndelag)

Poenget med dette blogginnlegget er ikkje å diskreditere diktinga til Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie, men å synleggjere at kanoniseringa, sjølv om ho ikkje er offisiell, pregar og skuggar for andre delar av norsk litteraturhistorie. Ideen om ein gullalder med fire store forfattarar i spissen gagnar Gyldendal Norsk Forlag meir enn det gagnar skuleelevar og lesarar.

For ordens skuld: Det er ikkje berre dei fire store realistane som legg skuggar over norsk litteraturhistorie. I forteljinga om norsk songlyrikk blir visebølga på 1970-talet sett som høgdepunktet for norsk tekstbasert musikk. Platetittelen Fløtt deg EEC, du står i veien for sola, låtane Bygdevise («Kor er hammaren, Evdard), Karlsøy i Troms og visegruppa Amtmannens døtre, har blitt ståande som tidsvitne og høgdepunkt.

Bloggen: Flytt deg Jonas Lie
Artikkelforfattaren som eselhandlar Silius i Folk og røvere i Kardemomme by. Med på bildet er ei pappegøye frå Amerika, ei jente i bybildet og ein dansande hund.

I norsk barnelitteratur har forteljinga om barnetimen på NRK vore sentral. Denne har vore med på å løfte fram og stadfeste Thorbjørn Egner, Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly sine posisjonar som klassikarane i norsk barnelitteratur, medan ein av dei tidlege fornyarane av barnelitteraturen, Rasmus Løland, i større grad er gløymd.

Mest fascinerande i forteljinga om dei fire store er kanskje at norske skuleelevar framleis lærer at Jonas Lie er ein viktig forfattar i norsk litteraturhistorie. Han er vel den som i størst grad har tent på dette omgrepet. Utan det kunne han ha blitt gløymd. Utan det kunne andre vore hugsa av fleire. Flytt deg Jonas Lie, du står i vegen for sola.

Per Magnus Finnanger Sandsmark

redaktør Allkunne

Bloggen til Nynorsk kultursentrum blir oppdatert eit par gonger i månaden. Dei tilsette i Aasen-tunet, Allkunne og på Hauge-senteret byter på å skrive om tema relaterte til språk, litteratur, museum og dei andre arbeidsoppgåvene dei har.