Bloggen: Ein tanke slo meg her um dagen

Bloggen: Ein tanke slo meg her um dagen

– Når elevane les dikta sine høgt, er det dei som har våga seg utpå, våga å vere grenseoverskridande, som framkallar den mest frydefulle responsen hos medelevane sine, skriv formidlar ved Hauge-senteret Ragnhild Nabben i bloggen denne veka.

På Olav H. Hauge-senteret har vi fleire opplegg for skuleelevar, mellom anna eit som er skreddarsydd for 8. klasse. Det er oppkalla etter det første Olav H. Hauge skreiv i dagboka si som femtenåring: «Ein tanke slo meg her um dagen...»

Denne opningslinja blir sjølve startskotet for eit langt skrivande liv. Ved å la elevane få høyre om korleis den unge Olav les, skriv og søker seg mot litteraturen, ønsker vi å legge opp til at elevane også kan tenke på seg sjølve som skrivarar. Og den beste måten å tenke på seg sjølv som skrivar er sjølvsagt ved å skrive.

Poesiverkstaden

Derfor er sjølve hjartet i skuleopplegget skriveoppgåver i poesiverkstaden. Ei mykje brukt oppgåve, som vi gjerne tek til med, går ut på å klippe ut orda i eit dikt skrive av ein kjend forfattar, for så å setje dei saman til eit nytt dikt.

Eit dikt vi ofte nyttar til dette er «Månen» av Ragnar Hovland:

 

Månen

Eg sit på ein tømmerstokk

og tenkjer på ingenting

Månen ligg i vatnet

og duppar opp og ned.

Ei gjedde skyt fram

og sluker månen.

Lysande søm ho bort

gjennom det mørke vatnet.

Ragnar Hovland

 

Tømmerstokk, tenkjer, månen, gjedde, skyt, slukar, lysande, eg, ho, og så vidare – det er orda elevane har til rådvelde når dei no skal dikte sjølve. Det gir ei ramme. I boka Velkommen til språket – som inneheld ei rad gode skriveøvingar for skrivande i alle aldrar – understrekar forfattarane Gro Dahle og Kjersti Wold kor naudsynt det er for den som skriv å ha ei ramme; viss alt er mogleg blir det fort umogleg. Og innanfor ramma er fridomen stor nok: Elevane må finne ut kva for og kor mange ord dei vil bruke, og korleis dei skal stå til kvarandre.

Her er eit døme på eit dikt laga på denne måten:

 

Eg skyt fram månen og sluker

ein tømmerstokk i det mørke vatnet

Lysande søm ho bort

Månen ligg og duppar opp gjennom

ingenting

 

Forfattaren av dette diktet brukar Hovland si formulering «lysande søm ho bort», men her viser ikkje «ho» til gjedda, men til ein mystisk tredje-person som søm bort frå eg-et, et eg som, veldig biletleg, verker både stagnert og tungt etter nettopp å ha slukt «ein tømmerstokk i det mørke vatnet». Det er eit melankolsk dikt, noko som blir forsterka av dei siste linjene: etter ho søm lysande bort er det ingen ting att, verken lys eller vatn: «Månen ligg og duppar opp gjennom/ingenting».

Nokre av elevane utfordrar også ramma for oppgåva ved å inkludere namnet Ragnar i dikta sine.

Då kan det bli slik:

 

Månen og tømmerstokk

duppar bort

Eg og Ei gjedde

tenker ingenting

ho og Ragnar

sluker månen



Og slik:

 

Ragnar sit på ein mørk måne

og duppar opp i vatnet og

tenkjer



Rett nok, orda Ragnar og Hovland er blant orda elevane kan klippe ut – dei står jo på arket. Likevel er det noko grenseoverskridande både i det å kome på at ein kan ta inn Ragnar i diktet sitt, og det å faktisk gjere det.

Ein tanke slo meg her um dagen

Når elevane les dikta sine høgt, som vi alltid avrundar oppgåva med, er det dei som har våga seg utpå, våga å vere grenseoverskridande, til dømes ved å skrive inn Ragnar, som framkallar den mest frydefulle responsen hos medelevane sine.

Ein tanke har slått desse elevane, ein tanke om den fridommen dei har innanfor ramane av språket, og når dei får slik respons trur eg at dei i ein augeblink kan sjå seg sjølve som skrivande.

Kanskje blir denne opplevinga startskotet for eit skrivande liv?

Ragnhild Nabben, formidlar ved Olav H. Hauge-senteret