Bloggen: Det gode vi ikkje gjer

Bloggen: Det gode vi ikkje gjer

Finst det bøker vi treng fleire av? Ja, meiner bibliotekar Siri Beate Gjerde i bloggen denne veka.

I min jobb som bibliotekar er eg så heldig at eg har store mengder lesestoff ståande rett utanfor kontordøra mi. Eg les naturleg nok mykje, og eg må innrømme at det er ikkje alt som fengar like godt. Då set eg pris på ei bok som er både lettlest, overraskande og tankevekkande, som den siste boka til Ragnhild Kolden, Det gode vi ikkje gjer.

Ragnhild Kolden har skrive ein psykologisk thriller som handlar kva som kan skje med eit menneske som har undertrykt vonde opplevingar og kjensler. Hovudpersonen Selma er ei kvinne som ber på tunge tankar, forsvinn i mengdene og stort sett velter seg i eiga misnøye. Ho er usympatisk og humørsjuk, men også leitande i liv og tru. Dette, iblanda ein god porsjon spenning, skapar ei historie som lesaren vil følgje heilt til slutt.

Dottera til Selma, Jenny, er 24 år og innlagt på psykiatrisk sjukehus. Selma skylda ein gong ein mann for eit grovt brotsverk mot Jenny. Kva skjer med mor og dotter når denne mannen kjem tilbake til bygda?

Samuel er gift med Selma. Ekteparet sit ofte ved kjøkenbordet og har giftige samtalar mens blikket til Samuel går over til nabohuset der den einslege Anni bur. Ho med tronge bukser og høge hælar.

«Ei trist, tom kjensle fyller henne medan ho går oppover. Ho er så sliten, så sliten.»

Selma går og går. Kvar dag før alle andre står opp går ho tur i skogen. Den mjuke, stille skogen reinskar hovudet og brystet hennar for alle vonde tankar og kjensler. Heime vaskar ho, heile tida. Der ho ikkje ser skit, er det likevel bakteriar som må vaskast vekk.

«Ikkje snakke. Ein må gjera. Nett som ho kvinna ho las om i avisa. Og nett som ho sjølv gjorde på kafeen. Handle, elles er ein fortapt, tenkjer Selma.»

Vi får møte ulike personar rundt Selma, alt frå den støttande presten til den einslege og yppige nabokvinna, til personell på den psykiatriske klinikken og folk på kjøpesenteret. Desse menneska utgjer eit nettverk som på ulikt vis påverkar liva til kvarandre, og snart vil vi oppleve at Selma er den som kjenner seg utanfor alt.

«Angsten hakkar pusten til Selma i små bitar som blir liggjande og blafre kraftlaust i bringa.»

Når eg les dette tenker eg på Kristofer Updal og boka Ved Akerselva, der han skildra angst som når «hjartet blir laust i bringa». Updal var ein meister i å skildre angst og redsel, og dei kjenslene kom tilbake når eg las Det gode vi ikkje gjer. Vi kjenner nesten sjølv korleis hjartet losnar når vi ut i historia får vite meir om kva som faktisk har skjedd. 

«Det er urimeleg, seier ho. Korleis kan det å ikkje handle vera like stor synd som å handle?»
«Ved å snu seg bort slepper ein det vonde til.»


Kolden skildrar Selma med stødig penn. Misnøye og paranoia, undertrykt samvit og rettferdiggjering. Hatet mot seg sjølv og andre, arbeid mot sjelefred. Alt dette gir til saman ei sterk, god og lettlesen historie som eg vil anbefale vidare.
Og mi oppmoding til forlaga må vere at denne typen bøker på nynorsk treng vi meir av. Bøker som er lettlesne, spennande og samtidig av god kvalitet. 

Siri Beate Gjerde
Bibliotekar i Ivar Aasen-tunet,