Tritt og trutt
Fjelltur til SlogenFoto: Flickr, TimOve, CC BY-2.0

Tritt og trutt

– Det gjeld å halde trutt, sa ho som halsa litt etter dei andre i tv-serien 71° Nord. Mogleg det, om ho trøytna, så trutna ho kanskje også litt etter kvart. Om ein skal kome seg frå Lindesnes til Nordkapp utan fly, bil eller tog, må ein halde på jamt og trutt. Men heng ein etter, er det nok best å halde tritt.

Ingen skal seie at det er lett. Det er heller ikkje så lett å halde alle desse faste uttrykka frå kvarandre, og faktisk bruke uttrykka heilt korrekt i ein pressa situasjon framfor kamera. For kva er det eigentleg å halde tritt? Vi kjenner uttrykket, men brukar ikkje ordet «tritt» i nokon andre samanhengar.

Den etymologiske forklaringa er ifølgje Norsk Ordbok at tritt kjem frå tysk og betyr gang, spor eller steg. Det har samanheng med å tre fram for noko eller nokon, eller rett og slett å trø. Då ser ein også lett meininga i å halde tritt, å halde stega på den som går føre.

Det finst haugevis av døme på slike gamle uttrykk som blir brukte feil, mellom anna på grunn av at orda i uttrykket ikkje er så mykje i bruk i andre samanhengar. Det er mellom anna færre og færre som snakkar om klokkaren som arbeider i kyrkja, medan klokka er viktigare enn nokon gong. Det er nok også grunnen til at fleire snakkar om «klokketru» i staden for «klokkartru». Trua på det mekaniske, eller digitale, har tatt over for den urokkelege gudstrua til klokkaren.

Han peika kanskje i den andre retninga, han som på Kulturnytt i NRK snakka om kva vi skal gjere når «oljevirksomheten går mot hell». Ein går jo ut ifrå at han ikkje meinte at all oljeverksemda i Noreg skulle flyttast til Trøndelag. Mest sannsynleg var det heller ikkje mot hell og lykke.

Radiolyttarane forstod jo kva han meinte, så mykje vi har høyrt frå før om oljeverksemda si fallande kurve. Ho er på hell, det går med andre ord mot slutten. Dei fleste som har stått på toppen av ei helling, veit at derifrå går det berre nedover. Og det som hallar, er både skeivt og skakt.

Slik er det nok diverre også med mange av dei faste uttrykka i daglegtalen, dei er på hell.

Gaute Øvereng, 28. oktober 2016