Tretten trappetrinn-tankespinn
TrappFoto: alex.byworthFlickr.comCCBY-ND2.0

Tretten trappetrinn-tankespinn

At eit fall på tretten trappetrinn og ei uhorveleg smerte skulle føre til mitt neste blogginnlegg, såg eg ikkje føre meg då eg låg ved botnen av trappa og skreik. Derimot var det mykje anna som gjekk gjennom hovudet.

Bakgrunn: Eit mørkeloft, ei bratt trapp – nei, ikkje slik ein dreg ned, fast trapp – smale trappetrinn, vått i trappa, øvste trappetrinn, langt ned, fall, vondt, forferdeleg vondt. 

Så der låg eg. Og kva kjem eg på når eg ligg der? Jau, at forsking har vist at banning kan gjere at ein toler smerte betre. Eg er ingen stor bannar i det daglege, og må innrømme at medan eg låg der med noko av det mest smertefulle eg har opplevd, var det vanskeleg å kome på bannorda som kanskje kunne gjere det litt mindre vondt. Så eg satsa på at hyling/skriking hadde noko av den same effekten. Eg kan verken avkrefte eller stadfeste den hypotesen.

Resten av dagen var det særleg to tankar som følgde meg. Først og fremst: jøss, det er fascinerande kva hjernen kjem på i dei merkelegaste situasjonar.

Den andre tanken gjekk attende til studieturen vi nyleg hadde til Edinburgh. Ein av programpostane på turen var eit føredrag med Guy Puzey. Puzey har lært seg norsk, og jobbar som universitetslektor i skandinaviske studiar ved universitetet i Edinburgh og som omsetjar. Han disputerte i 2011 med avhandlinga Wars of Position. Language Policy, Counter-Hegemonies and Cultural Cleavages in Italy and Norway, der han blant anna skriv om situasjonen for nynorsk.

Puzey heldt eit artig og interessant føredrag om banning og omsetjing, og presenterte problemstillingar knytt til dette som eg aldri har tenkt på. Ved omsetjing av banning i bøker, må omsetjaren finne eit tilsvarande banneord på språket han omset til. Men han må òg ta omsyn til i kva grad banning er akseptert i dei ulike landa. Så sjølv om han finn eit banneord som ordrett eller i innhald er nokolunde likt, kan det oppfattast heilt ulikt i dei ulike landa.

Tretten trappetrinn-tankespinn
Guy Puzey (Foto: AndersAanes)

Banning er berre eit døme på at det ikkje er nok for omsetjaren å kunne språket han omset til, han må i tillegg kjenne kulturen. Puzey har omsett Vaffelhjarte av Maria Parr til engelsk, ja, faktisk to engelske utgåver. For boka Waffle Hearts på engelsk i England og Adventures with Waffles på engelsk i Nord-Amerika er heller ikkje identiske – nokre endringar er gjort mellom dei to utgåvene for å tilpasse seg lesarane i dei to kulturane. Dette har ikkje direkte med banning å gjere, sjølv om boka inneheld kraftuttrykk som formidlar sterke kjensler, men det viser korleis både språk og innhald ved omsetjing kan bli tilpassa målgruppa det er meint for.

Som ein kuriositet viste Puzey òg at det ikkje berre er landegrensene som set standarden for aksept for banning, men også kvar i landet banninga vart uttrykk har noko å seie. Eit eksempel illustrert med at den som sa *sensurert* til ein politibetent i Fredrikstad fekk 6000 kroner i bot, medan den som brukte same ordet ovanfor politiet i Alta slapp unna gratis. PS: Som dei seier på fjernsyn: Ikkje prøv dette heime.

Eg trur ikkje eg slo hovudet i fallet. Men når eg no summerer opp denne dagen, så må eg innrømme at eg vert litt usikker.

Lyst å tankespinne vidare sjølv? Leksikonartikkel om banning finn du på allkunne.no, du kan sjølv høyre Guy Puzey i radioklipp på NRK, eller du kan lese Puzey si masteravhandling Planning the Linguistic Landscape: A Comparative Survey of the Use of Minority Languages in the Road Signage of Norway, Scotland and Italy og Puzey si doktoravhandling Wars of Position. Language Policy, Counter-Hegemonies and Cultural Cleavages in Italy and Norway.

 

Stina Aasen Lødemel, 8.4.2016

 

Guy Puzey kjem på Dei nynorske festspela i juni, så då han du sjølv høyre han fortelje korleis det er å omsetje Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk.