Takk
Signaturvegg i disFoto: Åshild Widerøe

Takk

Kvar morgon er det om å gjere å kome seg ut i bilen med kaffikoppen, veska og alt ein må ha med seg på jobb ein heilt vanleg dag. Denne dagen er ikkje ein heilt vanleg dag. Arbeidsstaden min vart kvelden før kåra til Årets museum 2015.

Vi kan nesten ikkje sjå land på andre sida av fjorden når sambuaren min startar bilen – berre ei stripe lengst nede ved fjorden. Morgonane er det eg som er passasjer, og eg let meg fascinere av lyset som slepp gjennom skodda på veg innover langs fjorden. Det er stadig endringar, skoddedottane sviv over vatnet, i ulik storleik, og sola lyser opp bakom fjella. Strikketøyet blir liggjande i fanget. Eg kan ikkje strikke, ikkje i dag. Eg kommenterer til han som køyrer bilen at det er så vakkert når skodda ligg som ei stripe der inst i fjorden.

«Dis», seier han. Han seier at det er dis. Eg har tenkt skodde, og tenkjer at dis er noko som kjem på varme dagar. No er det ikkje varmt. Hausten er her.

Kvar dag til fots opp vegen til Ivar Aasen-tunet ser eg den heilt spesielle hovudbygningen, teikna av arkitekten Sverre Fehn, kome til syne oppi bakken. Med Ivar Aasens signatur på den store skråveggen. I dag badar tunet i eit magisk, disig lys, tenkjer eg der eg går. No tenkjer eg brått «disig».

Når eg kjem opp bakken, er eine kollegaen min i ferd med å heise flagget til topps, og eg kjenner varmen som møter meg når eg opnar døra til det som har vore arbeidsstaden min i fleire år. Eg kjenner meg takknemleg for å få jobbe akkurat her, i Nynorsk kultursentrum, saman med dei flotte kollegaene mine. Med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Og eg forstår at det kan vere disig, sjølv om hausten er komen.

Åshild Widerøe, 11.9.2015

Les fleire blogginnlegg her