Språk på liv og død
Foto: Paul Sableman

Språk på liv og død

Gjennom språket kan me kommunisera, noko som vil seia at me har ei felles forståing av det som språket rettar seg mot. Det kan vere ein konkret situasjon eller i debatt av meir prinsipiell og abstrakt karakter. Det finst likevel grunnar til å spørja seg om språket alltid er kommuniserande.

Eit døme på at språket ikkje kommuniserer er når det som vert skrive eller sagt er tvitydig eller fleirtydig utan å verta oppfatta som det. Då kan forskjellige tolkarar forstå ytringa på ulike måtar. Ein manglar altså ei felles forståing av bodskapet. Språk kan først verta til kommunikasjon om ein allereie er einige i kva forskjellige ord og uttrykk tyder. Å ikkje alltid «stola» på språket, kan difor vera lurt.

Det finst eit døme frå 1950-talets England på korleis tvitydig språk kan vera dødbringande: To ungdommar hadde gjort eit innbrot, og ein av dei skaut og drap ein politimann etter å ha vorte oppdaga. Sjølv om drap på politifolk vanlegvis vart straffa med døden, var den yngste ungdommen, gjerningsmannen, under den kriminelle lågalder.

Det var likevel ikkje heilt enkelt å seia kven som var skuldig i kva. For den yngste av gutane hadde gått i mot politimannen med våpenet retta mot han. Då hadde den eldste guten sagt: «Let him have it!». Soleis kan ein seia at den eldste ikkje har reint mel i posen når det gjeld drapet. Han bed jo den yngre guten om at «gi han inn». Eller?

Ein kan tyda «Let him have it» på fleire måtar. Og det er problemet. For der det i ein situasjon kan tyda å «gi han inn», kan det i denne situasjonen like fullt tyda: «gi frå deg våpenet (til politimannen)». Retten meinte at den eldste av ungdommane hadde oppfordra til drap. Han som ikkje skaut vart straffa med døden for noko han hadde sagt. Han som skaut gjekk fri fordi han var for ung til å verta straffa.

Heldigvis, ikkje lenge etterpå vart dødsstraff avskaffa i England. Denne skjebnesvangre saka bidrog til det.

Kjelde: Konrad Rokstad. 2001. Kommunikasjonslogikk: Elementære forutsetninger for saklig meningsutveksling. Gyldendal Norsk Forlag: Oslo.