Småprat
Foto: flickr.com, Neil Moralee CC BY-NC-ND 2.0

Småprat

Det var ein gong ein mann som heitte Småprat. Han var ein mykje omtala mann i si tid, for han meistra kunsten å snakke med absolutt alle han møtte på sin veg.

Småprat meinte sjølv at denne kunsten var døyande, så han hadde utvikla ein eigen teknikk som han sjølv syntes fungerte optimalt. Ved å vise stor interesse og innsikt i kva andre brukte tida si på, kunne han ved hjelp av innhenta informasjon halde ein god og rik dialog med både kjende og ukjende. Ja, ikkje så reint lite følte han at dette var ei rolle han kledde godt og som omgivnadane sette pris på.

Småprat praktiserte meir enn gjerne denne kunsten i sitt eige nabolag, Noksnakk. Ikkje så reint sjeldan såg han seg ut einsame kandidatar som han kunne slå av ein prat med. Særleg ettermiddagane blei nytta til gode gjerningar.

— Jasså, du lukar bed du? sa han høgt til fru Stakitt ein gong der ho låg på armar og bein medan ho prøvde å få has på ein løvetann med gjenstridige røter.

— Ja, eg gjer vel det. Og du? svarte ho høfleg medan ho tørka sveitte av panna med ein skiten hanske.

— Du har ikkje prøvd Kverk på ugraset ditt? svarte han. Eg ser du har ein del.

— Jaja, svarte fru Stakitt og grov vidare.

— Prøv det! sa han med eit smil og gjekk vidare.

Småprat likte dette. Å gå rundt og understreke det sjølvsagte. Tenk på alle han fekk gi gode råd til! På veg tilbake frå fru Stakitt var planen at han skulle ta seg ein prat med herr Fram Tilbake om kva måling han brukte på huset sitt, men Tilbake hadde tatt kveld. Janei, han fekk ta det i morgon, tenkte han. Småprat hadde nemleg sett at han brukte måling frå Jonut, og det var han ikkje så sikker på kom til å halde så lenge.

På veg tilbake til huset sitt trefte han derimot på herr Logg

— Jasså, du har vore på butikken og handla kotelettar? ivra Småprat

— Jajaja, svarte Logg. Du veit, ein kan ikkje la eit kupp gå frå seg!

— Neinei, ein kan ikkje det, klart ein kan ikkje det!

— Nye sko også? påpeikte Småprat Er det Radidas også?

— Jaja, du veit, tilbod på Tren & Gnål AS

Dei to karane hadde seg ein rett så triveleg prat der dei drøvtygde om innlysande ting som mangel på fritid, nordavind, boknasild og grinete kjerringar. Logg rusla seg etterkvart heimover med kotelettane sine. Småprat var nøgd, han meinte det hadde vore ein god dag, ein storveges god dag hadde det faktisk vore.

 

Dette kunne ha vore samtalar henta ut frå dei fleste nabolag eg kjenner til. Men korleis står det til med småpraten? Nokon vil kanskje oppleve den daglege småpraten som hyggjeleg, andre kanskje meir uinteressant. Men visste du at småprat kan vere ein veg inn til eit nytt vennskap, ein karriereveg eller starten på ein god avtale?

Småprat er den vesle samtalen. Det er ein måte og bli kjent på, eller rett og slett å finne ut kvar på gradestokken humøret ligg hos motparten. Nordmenn er flinke til småprat med dei vi allereie kjenner, og for ein person utanfrå kan det virke komisk når dei same menneska møtes kvar dag og snakkar om akkurat det same. Særleg veret.

Eg tenkjer ofte at politikarar må vere skikkelig glade i småprat, for det er det som er jobben deira, prate heile tida. På dette punktet er eg sjeleglad for at det fins menneske som frivillig brukar livet sitt på politisk arbeid. Eg hadde kapitulert fyrste veka. Det blir som Are Kalvø seier om det å vere ein politikar:

Du må småprate jovialt. Du må smile til fotografen medan du tek eit stykke av bløtkaka dagen etter valet, og le høflig av vitsane om å «forsyne seg grovt av veljarmassen».
Dette hadde eg aldri klart. Ikkje i lengden. Eg er ikkje stolt av det. Absolutt ikkje. Dette er meg på mitt mest barnslige og jålete. Eg veit det.

Men korleis blir ein betre på mingling og småprat? Korleis finn ein plassen sin mellom mas og jernteppe? Det finst råd. Fabian Stang har to tips til korleis ein samtale kan gå lettare – ver nysgjerrig og still spørsmål!

Eg blir nok verken ordførar eller komikar, men ein ting vil eg uansett påstå, og det er at samfunnet vårt hadde vore fattig utan småpraten.

Bruk pinsehelga til ein prat med nokon du møter på din veg, god helg!

 

Kjelder:

http://www.dn.no/jobbledelse/2014/09/08/2117/Karriere/slik-blir-du-god-til--mingle
http://www.oa.no/nyheter/bli-stor-pa-smaprat/s/1-81-3274808
http://www.arekalvo.no/avis/835/derfor-blei-eg-ikkje-politikar

 

Siri Beate Gjerde, 13. mai 2016