Slett ikkje uønska e-post

Slett ikkje uønska e-post

Eg fekk ein e-post her om dagen. Ikkje heilt uvanleg det. Særleg ikkje med tanke på at e-posten var i kategorien «Eit godt tilbod».

Eg er av den typen som gjerne slettar e-postar på bakgrunn av ein tittel. Den siste veka har eg filtrert vekk mellom andre «For bare penger sultne mennesker», «Si hei til sommeren», «Har du en lønnsom hobby», «Investment», – ein klassikar i sjangeren – «Fortjenesten har ryddet», «Zpráva opožděna» og «Attention Microsoft Norwegian Prize Winner». Det forundrar meg kor mykje som slepper igjennom spamfilteret, som eg faktisk har.

Heilt filterinstinktivt var eg klar til å slette også e-posten om «Eit godt tilbod», men det var noko med namnet til avsendaren som stoppa meg i første omgang. Og så slo eit anna filter inn, nynorskfilteret. Det stod ikkje «Et godt tilbud» eller «An offer you can`t refuse», e-posten var uomtvisteleg på nynorsk.

Eg slo opp i Nynorsk ordliste 11. utgåva på S. Ordet spam var ikkje å finne, berre ordet spamfilter, som altså er til å filtrere vekk uønska e-post, på bokmål, engelsk eller eit anna språk. Spam finst ikkje på nynorsk. Tenk på det! Vi snakkar ikkje berre om eit ord som er forvist frå ordlista, men fenomenet i seg sjølv. Nynorsk er eit spamfritt språk!

Når eg no tenkjer etter, så stemmer det. Eg har aldri fått eit tilbod om lugubre investeringar, lett-tente pengar eller ein heilt usannsynleg pris i ein konkurranse eg ikkje visste eg var med i, på nynorsk. Får du «eit godt tilbod» på nynorsk, kan du vere ganske så trygg på at det faktisk er det.

Då kan vi leve godt med at ordet søppelpost faktisk står nokre sider lenger bak på S i ordlista.

Gaute Øvereng, 3. juni 2016