Skrive-Sverre
Foto: Ill. Stina Aasen Lødemel, grafiske element frå freedesignfile.com CC BY 3.0

Skrive-Sverre

Skrive-Sverre hadde ein raud penn
faktisk var det hans einaste venn
Han kalla han Glenn
sin kjæraste fyllepenn

Skrive-Sverre bar rundt på ein ønskekvist
Hans største ønske var å bli ein berømt lingvist
Tenk å ha sitt eige språkprogram på NRK
Då kunne han gått med hovudet høgt på strå 

Skrive-Sverre streka under alle feil
Han hadde rykte på seg for å vere ganske steil
Han oppdaga alt som ikkje var rett
og gjekk ofte opp i falsett 

Skrive-Sverre stod kvar dag på Coop
og tok gleda frå alle som skulle gjere eit scoop
Mange vart både oppgitte og triste
For der stod han og retta kvar ei handleliste 

Skrive-Sverre skreiv til avisa
han hadde sett så mange feil i rapporten til Pisa
Han skreiv: Er det rart det går gale med språkpolitikken
når ein ikkje ein gong skriv rett i utgreiinga om testmetodikken! 

Då Skrive-Sverre vart hundre og tre
trekte han seg tilbake og bad om å få vere i fred
Han brukte sine siste dagar saman med Glenn
og sjølv som pensjonist var han stadig i heilspenn 

Glenn hadde sin faste plass i brystlomma
Heilt til det ein dag breidde seg nedover vomma
For det forferdelege skjedde: patronen sprakk
og Skrive-Sverre vart dårleg og fekk eit attakk 

Slik hadde det seg at Skrive-Sverre
med ein parentes av diverre
vart både daud og raud
stakkaren rakk ikkje eingong å klage si naud 

Skrive-Sverre hadde vore både bak- og fortropp
Kven skulle no streke under og rette opp
Med rettskrivinga gjekk det som det måtte gå
utan Skrive-Sverre til å passe på 

Utan korrektur står det på gravstøtta skrive
– Det var nesten så han ut av grava ville klive
for dette vart berre verre og verre:
Her kviler Glenn med Skrive-Sperre

  

Stina Aasen Lødemel, 13. november 2015

 

Les fleire blogginnlegg her