Skal berre…

Før i tida vaska dei golvet, bar ved, sette opp fugleband og høgde tre. Mykje av det gjer vi framleis. Vi skal berre sjekke mobilen først.

Skal berre…
flickr.com leleuzis CC BY 2.0, årets ord Oxf.jpg

I 2015 lir vi av sjekketics, type alvorleg. Vi berre må sjekke e-posten på fritida. Og når vi først er inne, sveipar vi innom sosiale medium og avisene. Det andre må vente litt. Dei andre må vente litt til.

Det har til og med eit namn. Post-kontortids stressyndrom. I nyheitsbrevet Statsspråk, som Språkrådet gir ut, klekkjer dei i kvart nummer ut nye ord og det var her eg såg det. Ein diagnose på mobilbruken vår. 

Kvart år kårar NHH og Språkrådet årets nyord i Noreg. Eit nytt ord som har prega kvardagen vår. I år har dei ikkje avslørt vinnaren enno, men i fjor kom både ”emojis” og ”mobilnakke” på topp ti.

Oxford Dictionaries kårar også årets nyord. For første gong i historia har dei valt noko anna enn eit vanleg ord. Emoji-teiknet ”face with tears of joy”, ”eg ler så eg grin”, er årets nyord i 2015.

Kåringa av nyord fortel ganske mykje om kvardagen vår. Vi ordnar ut, avtalar, handlar, melder, les nyheiter og deler kjensler via mobilen. Vi trekkjer oppgitt på skuldrane og lurer på kva vi gjorde før vi hadde denne vesle hjelparen.

Det høyrest ut som om vi reiser langt tilbake i tid. Til gamle dagar. Det er ikkje snakk om så mange år, men mange nok til at borna i dag ikkje veit om noko anna. Dei har ikkje opplevd samfunnet slik det var før mobiltelefonen. Samfunn med blikkontakt.

No går vi den travlaste månaden i året i møte. Den ikkje vere det. Førjulstida handlar ikkje om å ordne mest mogleg på færrast moglege klikk. Javisst skal det ordnast, men kan vi ikkje berre leggje lista litt lågare? Slappe litt av? Slå av ein prat med naboen, som du ikkje har sett sidan hausten kom?

Det er ikkje mykje stas å slengje ei butikkinnpakka Sfinx på nokon si dørmatte siste helga før jul, fordi du har så mykje anna du skulle ha gjort. Kva med å heller gi ein invitasjon på ettermiddagskaffi, i staden for å setje ny pers på julegåveutdelinga rundt bygda?

Mobilen er eit fantastisk verktøy. Den har alt som trengst for at vi kan spare oss tid. Men då må vi klare å leggje han frå oss. Slappe av. Nyte stilla. ”Dra krakken bortått glaset” og prøv å finne leia der julestjerna er. God førjulstid!

 

Laila Walseth Lid, 27. november 2015.