Rytmen i romanen
Plansje frå utstillinga "Kunsten i livet" om Jon Fosse, 2009. Foto Hermann Starheimsæter, Gula Tidend 1986 / Jon Fosse-arkivet. Formgiving Aina Griffin

Rytmen i romanen

– Melodien har flytta seg frå gitaren til skrivemaskina, sa Jon Fosse i eit intervju med Frode Grytten i 1991. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris i 2015 tek med seg flyten og rytmane frå musikk og lyrikk inn i prosatekstane, og skapar med det ein særeigen litterær stil.

– Eg er forfattar av dramatikk, lyrikk og prosa. Og for meg er prosaen min minst like viktig som dramatikken, sa Jon Fosse i takketalen sin. Fosse fekk prisen for Andvake-trilogien, tre korte romanar med «ei kjærleikshistorie som spenner over alle og ingen tider», slik juryen skreiv i si grunngiving. Han skapar sin eigen litterære stil og vever dramatikken og lyrikken saumlaust inn i prosateksten i desse forteljingane.

Fleire forfattarar har etter prisutdelinga trekt fram Fosse si rytmiske skriving som særeige. I norsktimane på skulen blir rytme gjerne berre set i samanheng med lyrikken, men rytmen i romanane til Fosse gjer noko med deg som lesar. Han manar fram ein medvitsstraum som på eitt vis er realistisk, for det ligg så nært opp til slik vi menneske gjerne tenkjer, samtidig gjer han det i eit litterært språk.

Det blir gjerne sagt om bøker i ein annan sjanger at «ho var så spennande at eg ikkje kunne leggje ho frå meg.» Det er ikkje berre spenninga i forteljinga som skaper denne kjensla i Fosse sine tekstar. Han dreg lesaren inn i boka og gjer leseopplevinga til ei fysisk kjensle der du berre må halde fram.

Andvake var ei av bøkene eg hadde med meg på campingtur til Danmark og Sverige i 2009. Den står også for ei av dei mest absurde leseopplevingane eg nokon gong har hatt. Vi hadde sett opp campingvogna midt i eit vegkryss på ein campingplass på Bohuslän-kysten. Kjem ein seint, så må ein gjerne ta den plassen ein får. Det blei ikkje betre av at campingplassen låg på begge sidene av Länsveg 176.

Men det var sommar, varmt og godt, og ungane sprang til stranda for å bade. Så eg tok boka og sette meg ut for å lese, om lag samstundes med at dei sette i gang Abba-karaoke på andre sida av vegen. Verken Abba, tett biltrafikk eller oppglødde grillande feriegjester stod i vegen for orda, som fanga meg frå første stund. Eg sat i noko som for meg kanskje var det nærmaste eg kom eit ferieinferno i Sverige, men mentalt var eg på reise på Vestlandet i ei anna tid.

Ikkje veit eg, men kanskje gjorde dei skarpe kontrastane mellom det ytre og det indre leseopplevinga endå betre. For dette er tekstar som fangar deg i ein straum og tek deg med inn i ei anna verd. Rytmen i teksten danka lett ut discorytmane frå 70-talet. Det er sagt at den mest fengande popmusikken er tilpassa hjarterytmen, utan at det er sterkt verifisert gjennom forsking. Men det er meir i hjartet enn rytme, og litteratur i verdsklasse, som Jon Fosse skriv, kan opne opp dette andre hjarterommet.

Gaute Øvereng, 30. oktober 2015 

Les meir om Jon Fosse på våre litteratursider.

Ivar Aasen-tunet laga i 2009 utstillinga «Kunsten i livet», i høve 50-årsdagen til Jon Fosse.