På jakt etter det norske

På jakt etter det norske

Verda såg annleis ut på Ivar Aasen si tid. Det var ikkje verda som kom til oss, men vi som reiste ut i ho.

Frå 1820 til 1930 var folketalet i Noreg rundt to millionar i snitt. I den same perioden utvandra nærmare 900 000 nordmenn, først og fremst til Nord-Amerika. Dette var sjølvsagt eit heitt samtaleemne på fleire stader der Ivar Aasen kom på sine språkreiser. 

Våren 1844 var han ein månad på Voss og der var utvandringa til Amerika i full gang.

Jeg havde forhen hørt ymte om, at Aarsagen til de hyppige Udvandringer herfra skulde være Vedkommendes Misfornøielse med sin Stilling, ja endog med Rigets Forfatning i det Hele. Dette er, som man kunde slutte, bare Sladder; Aarsagen til Udvandringen er, saavidt jeg kunde erfare, deels den medfødte Lyst til Reiser og til Urolighed, deels og fornemmelig Haabet om at komme i Besiddelse af store og letvundne Eiendomme, et Haab som ved adskillige Breve fra forhen Udvandrede var i høi Grad næret og bestyrket.

Dette skriv Ivar Aasen i dagboka si. Årsakene til utvandringane var sjølvsagt meir samansett enn denne augevitneskildringa, men dette var ein del av dette samtidsbiletet. 

Ivar Aasen var ein av dei som reiste og såg mest av Noreg midt på 1800-talet. Han var ein skarp observatør, og i reisedagbøker og brev skriv han mykje om kor ulike folk er i ulike delar av landet. Det er ikkje berre levemåte og tradisjon som skil mellom folk i byen, på landet og på fjellet, men han skildrar også eigne karaktertrekk ved folket der han ferdast. «Med Hensyn til Folkets Karakteer træffer man adskillige gode Egenskaber, saasom Velvillighed, Hjælpsomhed og en vis Høimodighed», skriv han om innbyggjarane i Sogndal i 1842.

Aasen ser eit stort mangfald i det norske samfunnet, men det er få, om nokon, spor etter møte med andre etnisitetar enn den norske. Så mykje som han reiste, må han nesten ha møtt på samar på sin veg, men han nemner dei ikkje. Sommaren 1851 reiste han så langt nord som til Tromsø. Einaste sporet av samisk kultur i ordsamlinga frå denne reisa er ordet Finnkjeksa. Eit ord som i Norsk Ordbog frå 1873 er definert som eit mindre aktverdig synonym til Finnekvinde eller Finnkona, altså samekvinne.

På denne tida hadde mange samar som dreiv reindrift sommarbeite i Tromsø-området, og delen samar i byen var difor større om sommaren enn elles. Det var rett nok i bygdelaga utanfor byen dei dominerte mest, men det er likevel sannsynleg at Aasen må ha sett dei.

Ivar Aasen var misnøgd med den språklege fangsten frå turen nordover, men var godt nøgd med «at have seet Solen staae høit paa Himmelen ved Midnat, og at have tilbragt omtrent en Maaneds Tid under en, saa at sige, stedsevarende Dag», slik han skreiv det i brev til Carl Richard Unger. Den dårlege ordfangsten var truleg ein viktig grunn til at han ikkje reiste vidare nordover i landet. Han visste nok også at det var lengre mellom folk på finnmarkskysten, at dei språklege variasjonane var små, og at der var fleire samiske busetnader.

Det samiske var ikkje ein del av hans språkprosjekt. At han likevel ikkje nemner denne folkegruppa i anna enn nemningar som Finn og Lapplending i Norsk Ordbog, seier kanskje også mykje om stillinga deira i det norske samfunnet på 1800-talet.

Gaute Øvereng, 15. januar 2016 

 

Kjelder: