Lite kan gjere stort
Frå utstillinga "Menneske og språk på vandring" i Ivar Aasen-tunetFoto: Svein Olav Humberset

Lite kan gjere stort

”Du lærer ikkje språket utan å vere integrert og du blir ikkje integrert før du kan språket.”

Med desse orda opna førstelektor Birgitte Fondevik frå Høgskulen i Volda temaustillinga ”Menneske og språk på vandring” i Aasen-tunet denne veka.

Så enkelt. Så vanskeleg. Og så gripande.

Det er sjeldan ei utstilling tek meg allereie ved inngangen. Her møter eg historiene til fleire menneske som har flytta til Noreg frå andre stader i verda. Nokon har flykta frå krig, andre har kome for å arbeide og nokre har funne kjærleiken her. Raust har dei delt tankar og opplevingar om møtet med Noreg, norsk og nordmenn. Om korleis det er å kome hit utan å kunne språket vårt. Om utanforskap, og om hjartevarme.

Dei ulike røystene kjem tett på gjennom bilete, tekst, lydopptak og videointervju. Klumpen i halsen vaks etter kvart som eg bevega meg vidare inn i utstillinga. I respekt, i beundring, og med ikkje så reint lite dårleg samvit.

Som mange andre har eg nok tenkt at eg ikkje har høve til å bidra så mykje. Utstillinga viser at det ikkje alltid er så mykje som skal til. Lite kan også gjere stort. Og det var nettopp det som trefte meg ved utstillingsinngangen. Desse orda frå Basel Ghajar frå Syria, som kom til Noreg i 2014:

”Så gjekk eg på biblioteket og fekk snakke med ein nordmann i ein til to timar. Det braut isen for meg. Å få snakke med ein nordmann.”

Prosjektet ”lån ein volding” i regi av Frivilligsentralen i Volda er enkelt og genialt. Du treng berre møte opp og snakke norsk, morsmålet ditt. Det krev lite av deg. Men det betyr mykje. Mykje nok til å bryte isen.

Torsdag 23. juni opnar Dei nynorske festspela 2016 med Morsmål som tema. Her får du fleire personlege historier, foredrag og samtalar om kvardagen med ulike morsmål og lyrikk, song og leik på fleire språk. Velkomne skal de vere!

 

Laila Walseth Lid, 17. juni 2016

Alt om Dei nynorske festspela 23.–26. juni finn du her

Har du lyst å låne deg ut på Volda folkebibliotek, er det samling laurdag 18. juni kl. 12. Det finst også ei eiga Facebook-gruppe for "lån ein volding"-prosjektet

Denne tenesta finst også ved bibliotek andre stader i landet.