Lengt: Eit sunt ynske eller eit frustrerande sakn?
Foto: Iain Blake

Lengt: Eit sunt ynske eller eit frustrerande sakn?

Temaet for Ulvik poesifestival 2016 er lengt, og det er fleire av forfattarane som tar for seg lengt i mange former. Dei lengtar etter folk og ting, og lengten tar plass i aktuelle hendingar og indre liv. Underteikna lengtar etter mangt, men det er spesielt ein ting som har sett seg fast i undermedvitet og ikkje vil sleppa taket.

Når du ligg vaken ein måndags-, tysdags-, onsdags-, torsdags-, fredags-, laurdags,- og søndagsnatt kan mangt spretta ut av undermedvitet – minne frå barneskulen, den personen du gløymde å svara på SMS for tre år sidan, og lengt. Å lengta kan vera spennande, trist, skummelt og intenst. Det kan vera godt å ha ein lengt, men lengten kan òg ta over heile livet på same måte som amerikanske TV-seriar på Netflix eller søket etter dei perfekte lysebrune sandalane.

Lengt kan ta mange former. Det kan vera romantisk, sterkt, oppløftande, øydeleggjande, fint og frustrerande. Du kan lengta mot, bort, til, frå, i og ut. Det kan vera negativt og positivt. Lengten kan vera eit ynskje om eit betre liv, ein draum om å publisera ei bok eller eit sakn av eit par lysebrune sandalar med hæl (det perfekte paret for rolege sommarkveldar ute – men nok om det). Om vinteren lengtar folk etter solkremlukt og store solbriller, og om sommaren lengtar folk etter vintersport på TV. Olav H. Hauge lengta etter ro, sol og kjærleik. Nynorskordboka definerer «lengt» som eit intenst ynskje eller eit sakn, og Lexin definerer «å lengte» som å ynskje noko(n) sterkt eller venta ivrig på noko(n). Lexin har òg det beste eksempelet: «eg lengtar etter ein kopp kaffi». Det er vel berre avstandsforelsking som kan uttrykkja ordet og kjensla «lengt» like godt som nordmannens lengt etter kaffi (og godt vær).

Ivar Aasen skreiv «han gjeng lett, som lengtar fram» i Norske Ordsprog Samlede og ordnede af I. Aasen i 1881. Ja, lengten kan driva deg framover når du har ein draum eller eit ynske, men den kan like lett ta over kvardagen. La oss dra fram lengten etter kaffi som eit godt eksempel: Det går ei hårfin grense mellom det å synast ein kopp kaffi er godt om morgonen til situasjonen der du ha ein kopp kaffi om morgonen (for utan den koppen med kaffi fungerer ikkje hovudet eller kroppen, resten av dagen er øydelagd og du kan berre gløyma å fylle ut den rapporten i tide). Du går ikkje så lett når hovudet verkar etter ei bøtte med kaffi, ei eller når du må sjekka Zalando.no for tjuande gongen den dagen etter dei perfekte lysebrune sandalane (og sommaren er ikkje heilt komplett utan), då har lengten gått over til å bli noko som styrer kva du skal gjera i staden for å inspirera deg vidare. Dette skjer når lengten tar heilt over og han sluttar å løfta oss opp, og tyngjar oss ned i staden for, som to store sekkar med tomme politiske løfte.

Det å sakna, ynskja og drøyma om å ha noko ein ikkje får, igjen og igjen, kan driva dei fleste på kanten av eit mentalt stup. Virginia Woolf skildra det best i To the Lighthouse: «To want and not to have, sent all up her body a hardness, a hollowness, a strain. And then to want and not to have – to want and want – how that wrung the heart, and wrung it again and again!». Men me treng vel litt av begge delar, den usunne lengten som driv oss til vanvit og den sunne lengten som driv oss mot vårt neste mål. Forhåpentlegvis finn ein det ein lengtar etter før det går heilt gale – eg veit at dei perfekte lysebrune sandalane ventar på meg der ute, men eg overlever sommaren utan.

 

Ulvik poesifestival har valt temaet lengt for festivalen og får besøk av fleire forfattarar som har tatt for seg lengt i mange former. Dei lengtar etter folk og ting, og lengten tar plass i aktuelle hendingar eller i det indre liv. Somme av dei har skrive dikt med lengt som tema spesielt til Poesifestivalen, og som me gler oss til å dela med publikum. Velkomen til Poesifestivalen 2016 frå 9. til 11. september!

 

Kjelder:

Aasen, Ivar. Norske Ordsprog Samlede og ordnede af I. Aasen. Christiania: 1881.

Woolf, Virginia. To the lighthouse. Hertfordshire: Wordsworth Editions Ltd, 1999

http://www.nob-ordbok.uio.no/

http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=lengt#ariadne=[[|199542|,0,|lengt|]]

http://lexin.udir.no/?search=lengt&dict=nbo-nny-maxi&ui-lang=NBO&startingfrom=&count=10&checked-languages=E&checked-languages=N&checked-languages=NNY

Foto:

https://www.flickr.com/photos/iainblake/