Kvinner som elskar menn
Foto: flickr.com_marc_kjerland_CC BY-SA 2.0

Kvinner som elskar menn

I jakta etter ein partnar er humor eit ettertrakta trekk. I 2007 vart 200 000 personar i ulike land bedne om å rangere kva dei såg etter i ein partnar. Kvinner hadde humor på førsteplass, menn hadde det på tredjeplass.

Eg elskar å le. Når eg ler saman med andre menneske, kan eg kjenne meg nesten vektlaus. Men for at eg skal komme i flyt, for at eg verkeleg skal gløyme tid og stad, må eg få vere med på leiken. Det er ikkje nok for meg å berre vere tilskodar til andre si underhaldning. Eg vil også vere med. Som kvinne har det gitt meg nokre utfordringar på leit etter ein make. Eg har fått høyre og oppleve at eg er festleg å vere saman med, men vanskeleg å falle for. Dei fleste menn vil helst stå for underhaldninga sjølve, om vi skal tru på det forskarane har funne ut. 

I 2011 undersøkte forskarar i Canada 266 profilar på sjekkestaden lavalife.com, halvparten menn og halvparten kvinner. Dei ville sjå om menn og kvinner verdset humor hjå ein potensiell partnar ulikt. Mennene trekte fram at dei sjølve hadde svært god humor og at dei brukte å få folk til å le. Kvinner skreiv at dei såg etter ein mann med god humor. Det var også gjennomgåande at dei mennene som påstod at dei hadde god humor, ikkje var opptekne av å treffe ei dame som var morosam.

Forskarane såg også på om menn og kvinner vart tiltrekt av profilar med morosame formuleringar. Det viste seg at kvinner vart tiltrekt av profilar der menn skreiv morosamt, medan det ikkje hadde noko å bety for menn si interesse om kvinnene hadde ein morosam profil. Ei liknande undersøking frå 1998 med 100 collegestudentar viste det same. For ei kvinne ville mannen sin bruk av humor auke interessa. Kvinner sin bruk av humor auka ikkje menn si interesse, snarare tvert i mot, det gjorde kvinnene mindre interessante. Mennene syntest altså at dei vakre, kjedelege kvinnene var meir interessante enn dei som var både vakre og morsame.

Kvinner si vurdering av menn var at dei verka intelligente og varme dersom dei brukte humor. Slike assosiasjonar gjorde ikkje menn til kvinner med humor. Det kan verke som om menn tenkjer at kvinner som er morosame, overgår dei intellektuelt. Dei blir altså mindre tiltrekt av kvinner som er smartare enn dei sjølve. I ein studie publisert i Personality and Social Psychological Bulletin, vart menn introduserte for kvinner som hadde skåra høgare enn dei sjølve på ein intelligenstest. Dei ranka kvinna til å vere mindre attraktiv og hadde mindre lyst å treffe desse kvinnene enn dei som hadde skåra lågare enn seg sjølve.

Den amerikanske komikaren Sara Benincasa fortel i eit intervju at ho i slutten av tenåra og tidleg i tjueåra ville mjuke opp personlegdomen sin for å tiltrekkje seg dei mennene ho var forelska i. Ho ville vitse mindre og le meir hjarteleg av deira vitsar. Vennene ville sagt ho ikkje var seg sjølv rundt kjærastane sine. «Denne falske meg var alltid vakker og alltid klar for alt, for moro. Og ho var ubekymra. Den verkelege meg hadde mykje på hjartet. Denne «meg» eg skapte var ikkje dristig og open. Ho var ikkje veldig festleg.»

Desse studiane og erfaringane stør under teorien om at menn og kvinner brukar humor ulikt, særleg på jakt etter ein partnar. Menn vil imponere damer med humoren sin, men bryr seg ikkje så hardt om ho er morosam. Men dei vil gjerne at dama skal le av vitsane deira. Damer er på jakt etter ein mann med humor, og verdset dette særleg tidleg i forholdet.

Menn legg mykje innsats i det å vere artige. Dei gjer mange fleire forsøk enn kvinner gjer. Utviklingspsykolog Gil Greengross skriv at menn er meir villige til å ta sjansar der dei prøver å vere morosame, og at dei bommar meir enn kvinner. Men for mange menn er det verdt det. Dersom du bommar og ingen ler, har du kanskje dumma deg ut i nokre minutt. Dersom folk ler, kan løna vere stor.

Der menn prøver hardt å vere morosame, gjer kvinner sitt beste for å vise at dei verdset dette. Kvinner ler mykje meir entusiastisk og ofte i mannleg selskap. Nevrovitskapsmannen Robert Provine identifiserte 1200 kvardagslege latterepisodar, og fann ut at kvinner lo påfallande mykje meir enn menn gjorde, særleg når ein mann var like ved.

Ein studie frå 2001 analyserte kvardagssamtalar mellom unge folk. Denne granskinga synte at menn vitsa meir, og i tillegg meir suksessfullt i kjønnsblanda selskap. Kvinner vitsa mykje meir når dei var i reine jentegrupper. Forskarane konkluderte med at kvinner brukar mest humor når det ikkje er menn rundt dei.

Tysdag skriv vi 8.mars og den internasjonale kvinnedagen. I år håpar eg både kvinner og menn vil vere med og feire: Kanskje kan du som mann markere denne dagen ved å be ei festleg dame med deg ut.

Og de damer, slutt å bli med menn som ikkje ler av vitsane dykkar!

  

Liv Astrid Skåre Langnes, 4.3.2016

 

Kjelder:

Plight of the funny female, Olga Khazan, 19.november 2015, lesedato 02.03.2016
http://www.theatlantic.com/health/archive/2015/11/plight-of-the-funny-female/416559/
Why jokes are seductive, Gil Greengross, 14.oktober 2011, lesedato 02.03.2016
https://www.psychologytoday.com/blog/humor-sapiens/201110/why-jokes-are-seductive