Kvifor les eg poesi?

Kvifor les eg poesi?

Poeten Steinar Opstad skriv i eit essay at «Den poeten som ikke har gjort seg skyldig i at en verdensanskuelse blir synlig, har heller ikke gjort jobben». Opstad skriv vidare at «I møte med poesiens ord og bilder kan vi oppleve at sementerte forestillinger krakelerer». Poesien er med andre ord noko som utfordrar det gjengse. Den er knytt til friske tankar, til noko kjenslevart, og ikkje berre til eit blendverk av stor ordkunst og gnistrande skrift.

Eg innrømmer meir enn gjerne at eg ofte har tungt for å forstå poesi. Likevel, sjølv utan ei klår oppfatning av eit visst meiningsinnhald i eit dikt, har orda ofte verknad på meg. Om det er snakk om forståing i dei tilfella, trur eg det kan vera nyttig å samanlikne poesilesing til det å lytta til eksperimentell musikk. Kanskje er det difor somme seier at poesi kan vera god medisin mot vaner og dogme: Den tek lesaren inn i nye verder og ukjende logikkar.

Då eg las Vårar Seinare av Anna Kleiva, kjente eg at dei poetiske orda hadde verknad, særskild då eg las desse linene: «våryre vegen trekkjer / gasspedalar inntil seg …» Kva blikk på verda gjer Kleiva seg skuldig i? Eg vil seia at det er noko som både er velkjent og ukjent. For eg har kjent dette; at vegen tek over gasspedalen. At det rasjonelle eg-et mitt mister taket. For alle veit at fart er farleg. Berre ikkje i augneblinken asfalten og skosålen søker å omfamna kvarandre. Då er me truleg berre passasjerar, medan andre krefter styrer. Ja, alt dette (og mykje meir) sa poeten Anna Kleiva, og trengte ikkje meir enn seks ord. Det er att-på-til vakkert skrive.

Poesi knytt seg ofte til filosofi, særskild etikk, språkfilosofi og eksistensiell tenking. Eit døme på det sistnemnte finn me hjå poeten Anne Helene Guddal som trekker inn tenkinga til Friedrich Nietzsche i diktinga si. Nietzsche heldt fram det å elska sin eigen skjebne, på latin amor fati, uansett (!), og dette skjebnespørsmålet er noko det lyriske eg-et i Guddals debutbok Også det uforsonlige finnes konfronterer:

Man kan spørje sæ sjøl
ka man skal leve etter
Amor fati
Ja, Friedrich, se
kordan dét gikk

Guddal si diktsamling fekk meg til å tenka på filosofien til Friedrich Nietzsche på nytt. Ikkje fordi eg har vore så dum at eg har trudd at alt i livet kjem an på kva innstilling ein har, at det hjelper å smila til verda og slikt. Men eg har vore naiv fordi eg har tenkt at uforsonlege lidingar nesten berre finst andre stader. Som i svolt- eller krigskatastrofar. Det stemmer sjølvsagt ikkje: Det uforsonlege finst her òg. Poesien gjev altså tillegg til eigne livserfaringar, som i beste fall kan gjera ein litt mindre dum. Både Kleiva og Guddal fekk meg til å sjå noko annleis. Dette meiner eg er typisk for god poesi. Og sjølv om eg kanskje har kjent til fenomena som vert skildra frå før, vert det ofte gjort klårare for meg.

At poesi har å gjera med innsikt som bryt med kvardagslege førestillingar, er ikkje noko nytt. Den tyske poeten Novalis (1772-1801) sa til dømes at «All poesi avbryter den vanlige tilstanden, det alminnelige livet …». Olav H. Hauge er inne på liknande tankar i diktet «Bøn», der diktar-eg-et bed Herren om hjelp til å sjå «underet, ikkje berre / avglansen utanpå». Ja, det er forresten ikkje berre snakk om innsikt hjå Hauge. I dikt som «Eg dreg ifrå glaset» og «Lauvhyttor og snøhus» er det utsynet frå lune byggverk og rom han tek opp: «Det er ikkje mykje med / desse versi, berre / nokre ord, røysa saman / på slump. / Eg synest / likevel / det er gildt / å laga dei, då / har eg som eit hus / ei liti stund». Ifølge Hauge er diktet sjølv er eit godt rom å vera.

Ein anna diktar som oftast ser utover, er poeten Kjartan Hatløy. Det merkverdige med hans blikk, i alle høve i diktsamlinga Mi meinings hus, er at subjektet ikkje er til stades i form av eit tradisjonelt lyrisk eg. Det er som om dikta speglar omverda, at dei nesten går i eitt med den. Det er heller ikkje berre naturen i vanleg forstand, men kosmos Hatløy sine dikt speglar:

Sola flyt opp frå svarte austfjell nett då
ei av eldtungene
slikkar i seg farten massen tida tanken

Kva ser eg hjå Hatløy? Eg ser mellom anna ein natur som klarar seg fint utan meg, ein natur som er, og som blir til på nytt. Me må til austleg Zen eller antikkens stoisisme for å finna liknande ro midt i alt det hastige og forgjengelege. Kjartan Hatløy, den ville poeten (han kallar seg det sjølv!), gjev meg fred.

Går me attende til Steinar Opstad og hans siste bok Kjærligshetstapene, kan me igjen sjå kva rolle synet har for poeten:

Munkens liv leves i en tykk og fotsid kappe. Poetens
liv må være nakent og leves i hud og hår, tegn og syner.

Her må me komma diktet si eiga verd i møte når me les (for sjølvsagt kan ein i røynda vera både munk og poet). I diktet er munken tildekt og verna, medan poeten er sårbar og kroppsleg til stades som tolkar i og av verda og livet. Ordet «må» viser mogleg til at dette ikkje er noko val frå poeten si side. Eg ser det meir som ei åtvaring mot dei farane poesien representerer. For poeten handlar det om at dei poetiske gåvene (teikn og syner) òg krev offer; dei kjem saman med sårbarhet og risiko. Lesaren står også i fare, ho eller han risikerer nemleg å sjå eller tenka noko nytt, anten det er politisk, estetisk eller eksistensielt.

Kjelder

Guddal, Anne Helene. Også det uforsonlige finnes. Oslo, Kolon forlag, 2014.

Hatløy, Kjartan. Mi meinings hus. Oslo, Forlaget Oktober, 2014.

Hauge, Olav H. Dikt i samling. Oslo, Samlaget, 2010.

Kleiva, Anna. Vårar seinare. Oslo, Forlaget Oktober, 2014.

Novalis. Hymner til natten og andre tekster. I utval og gjendikting ved Bjørn M. Moen. Oslo, Antropos Forlag, 2009.

Opstad, Steinar. Himmelretninger – Essays om dikt og diktning. Oslo, Kolon forlag, 2012.

Opstad, Steinar. Kjærlighetstapene. Oslo, Kolon forlag, 2015.

 

Stein Arnold Hevrøy