Kvifor er språkleg mangfald viktig?
Frå basilikaen Sagrada Familia i Barcelona.Foto: Anders Aanes

Kvifor er språkleg mangfald viktig?

Stundom høyrer vi at språkleg mangfald er ein ressurs for oss. Men kva er det eigentleg som gjer dette til ein ressurs?

Då Kronprins Håkon Magnus var i Ivar Aasen-tunet i 2008 og planta det nye tuntreet – ei bjørk som var klona fram frå den gamle Storebjørka – heldt den verdskjende dramatikaren Jon Fosse ein liten tale. Han fortalde om ein ven frå studietida, som lik han sjølv kom frå Ny-Noreg. Venen heldt seg derimot til riksmål, og meinte dessutan at det beste hadde vore om alle i verda skreiv engelsk. For då hadde jo alle forstått kvarandre. Kva Fosse meinte om dette, treng eg ikkje utbrodere.

Så kvifor gjer vi ikkje dette då? Kvifor går vi ikkje alle over til engelsk, slik at kommunikasjonen kjem i høgsetet? Eit spørsmål eg ofte får som nynorskbrukar, er dette: Kvifor skal eit lite land som Noreg halde seg med to skriftspråk? Alle forstår bokmål, så då burde det mest brukte språket vere det einaste språket her til lands. Eg brukar ofte å kontre med at dersom ein skal tenkje slik, så burde ein vel helst gå lengre og lage eit felles skandinavisk språk. For den språklege avstanden vår til svensk og dansk er slett ikkje stor, og reint skriftleg er iallfall dansk og bokmål svært like.

Jau, det hadde vel vore fint.

Det er berre det at den språklege røynda ikkje er slik. Eit språk kan ikkje berre definerast språkleg – språk handlar nemleg også om kultur, identitet, sosiale lag og ikkje minst politikk. Slik er det i aller høgste grad i tilfellet med Skandinavia og Noreg. Når vi eingong har to skriftspråk i Noreg, er det fordi vi har ei historie der to skriftkulturar fekk feste seg: Ein som tok utgangspunkt i embetsmannsstaten og eliten, og ein som tok utgangspunkt i slik folk flest prata i det langstrakte landet vårt. Stortinget avgjorde i 1885 at desse to språka skulle vere jamstilte, og Noreg vart slik, iallfall på papiret, ein av dei første fleirspråklege nasjonalstatane i verda. Det er har vist seg at nynorsk har tolt tidas tann, sjølv om språket har vore dømt nord og ned sidan starten i 1850-åra. Grunnen til at nynorsk framleis finst, er fordi folk identifiserer seg med det, både språkleg og kulturelt.

I realiteten har verda alltid vore sterkt fleirspråkleg, og folk har flytta på seg og skapt nye variantar av språk. Likevel er vi enno prega av ideala frå tida då nasjonalstatane vaks fram, der tanken var éitt land, eitt språk. I målrørsla var også dette lenge ein våt tanke – faktisk altfor lenge. I dag legg målrørsla i staden vekt på solidaritet med mindre brukte språk og minoritetsspråk, samstundes som ein prøver å sikre rettane og sjølvtilliten til sine eigne språkbrukarar.

Kvifor skal vi så vere opptekne av å sikre det fleirspråklege samfunnet?

Språkvitarane Endre Brunstad og Ann-Kristin Helland Gujord skriv opplysande om dette i boka Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald (2013). Dei meiner det handlar om å erkjenne at "språkleg mangfald er ein realitet – globalt, nasjonalt og lokalt". Dei stikk likevel ikkje under ein stol at språkleg mangfald er eit komplekst fenomen, og at det følgjer med både fordelar og ulemper. Det dei vil med boka, er rett nok å sjå på kva som skal til for at språkleg mangfald skal slå positivt ut, når vi eingong lever i fleirspråklege samfunn. Dei ønskjer å få fram "auka kunnskap om korleis språkleg mangfald kan verta eit gode både for einskildindividet og for samfunnet".

Korleis samfunnet handterer språkleg mangfald, handlar om kva rolle språk spelar på ulike nivå. Det dreiar seg både sosial og individuell identitet, tilgang til demokratiske rettar, og ikkje minst den kognitive utviklinga hos den einskilde. Og i dette puslespelet kjem altså språkpolitikken inn, som somme meiner er ein uting.

I Ivar Aasen-tunet er vi for tida opptekne med å sjå nærare på kva rolle førstespråket – også kalla morsmålet – spelar når du kjem inn i eit nytt og framandt språksamfunn. I ei tid der folk reiser meir enn nokosinne, anten det er på flukt eller på leit etter arbeid, er det klart at språket har ei sentral rolle i slike kulturmøte. Kva skjer eigentleg når du mistar det språklege rommet du eingong kunne bevege deg heilt fritt i? Kva skjer med menneske som alt har lært eit språk – morsmålet sitt – men som i stor grad ikkje lengre har høve til å bruke det?

I den norske språksituasjonen hadde vi ein tilstand der mange kjende seg framandgjorde overfor det danske skriftspråket. Det at vi fekk det nynorske skriftspråket, som endåtil vart jamstilt med det dominerande skriftspråket, har slik vore ein trykkventil i det norske samfunnet. Avstanden fram til makta har vorte mindre og samfunnet har som heilskap vorte mindre motsetningsfylt.

Det er nett det vi må passe på når fleire språkgrupper enn dei norske kjem til i samfunnet vårt.

 

Anders Aanes, 29. april 2016