Kunsten å velje barnebok
Lesestund på hemsenFoto: Kib og Morits

Kunsten å velje barnebok

Mor og son ein laurdag i biblioteket:
«Denne vil eg låne, mamma!»
«Få sjå.»

Mor får boka og tek eit raskt blikk på framsida og baksida «Nei, ikkje den. Den er på nynorsk. Den er for vanskeleg.»

«Pliiis!»

Mor blar i boka medan ho les enkelte ord høgt for seg sjølv: «byrja… vindauge…kvifor…»

«Hmmm. Den er eigentleg for vanskeleg, men greitt. Du kan låne den»

Guten får boka tilbake og smiler. Blar litt i henne før han legg henne i bunken saman med dei andre bøkene dei skal låne. Mor leitar vidare etter bøker ho meiner er passe vanskelege for guten. Bøkene på nynorsk legg ho tilbake, bøker på bokmål får bli med heim. Nynorsk er målforma guten lærer på skulen.

Eg blir ståande og måpe i biblioteket denne laurdagen. Kanskje blir eg til og med ståande og glane på desse to personane. Eg hugsar ikkje. Eg hugsar berre at eg kjende sterkt for å bryte inn og lekse frå meg om fordommar, svartmåling og bjørnetenester, men at eg ikkje fann ein god måte å gjere det på. Så eg heldt tett. Etterpå angra eg.

Ein treng ikkje vere språkforskar for å forstå at mora ovanfor gjer guten ein bjørneteneste. For at barn skal bli gode lesarar, må dei lese mykje. For at barn skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i si eiga målform. Dette språket får dei møte gjennom å lese sjølv og bli lest for. Ved å halde guten vekke frå bøker på nynorsk, får han ikkje den lesetreninga han treng for å gjere nynorsk lett å lese og lett å skrive.

Men mora har eit viktig poeng. Når guten skal lese bøker sjølv, skal det ikkje vere for mange vanskelege ord. Blir det for mange vanskelege ord, misser ein samanhengen i det ein les, og leseforståinga blir svekt. Det blir sagt at lesing = avkoding x leseforståing. Det er ikkje nok å kunne avkode orda, du må også forstå det du les. Forstår du ikkje, les du ikkje.

Bøker med vanskelege ord finn vi i begge målformer. Når barn skal lese bøker sjølv, er det lurt å bla gjennom boka og sjå om der er mange ord ein trur dei vil ha vanskar med å avkode eller forstå. Blir det for mange av desse orda, er det kanskje ikkje ei lese-sjølv-bok. I alle fall ikkje før ein har lese henne saman med barnet nokre gonger.

Det er ikkje målforma som avgjer om boka er lesevennleg. Du finn lesevennlege bøker på både nynorsk og bokmål. I lesevennlege bøker for nye lesarar er ordvalet gjort ut frå at målgruppa har lite leseerfaring. Orda er enkle og korte, setningane er korte, skrifta er ofte stor og det er få ord på kvar linje og kvar side. Bøkene har gode illustrasjonar som i tillegg til å gje støtte til teksta, er med og gjev liv til forteljinga. Og dei verkeleg lesevennlege bøkene har forteljingar som borna vil lese igjen og igjen, både aleine og saman med ein vaksen.

Dette året har Det Norske Samlaget komme med ein engasjerande, underhaldande og lesevennleg serie for nye lesarar. Serien heiter Leseland og har fått flotte omtalar frå kritikarane. Og det er ikkje berre Leseland som er verd å sjå nærare på. Den nynorske barnelitteraturen er både variert og god. Den står slett ikkje tilbake for bøkene som kjem ut på bokmål. Tvert imot! Det finst mange nye, gode bøker i ulike sjangrar på nynorsk, for born og unge. Dei nynorske barnebøkene kjem ofte høgt i kåringar av god litteratur, med gjennomarbeidde tekstar og illustrasjonar av høg kvalitet. Å høyre og sjå sitt eige skriftspråk i gode tekstar er særleg viktig for born i nynorskområde, fordi opplæringsmålet nynorsk er eit mindre brukt språk i offentlegheita kring dei.

Denne hausten skal vi feire den gode, nynorske barnelitteraturen i Ålesund saman med tilsette i skular og barnehagar og andre som arbeider med born frå heile Møre og Romsdal. Vi har kalla feiringa «Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest». Der vil vi presentere gode, nynorske barnebøker, ulike måtar å formidle litteratur for born og vise kva som er litterære kvalitetskriterium i gode forteljingar for born. Vi vil også få eit møte med forfattar og illustratør Kari Stai som mellom anna har skrive og illustrert dei populære bøkene om Mopp og Mikko og Jakob og Neikob.

Den nynorske litteraturen er ikkje vanskeleg. Han er barnevennleg, god og fortener ei feiring. Vi gler oss til «Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest» ved Ålesund bibliotek den 15.oktober. Velkommen til fest!

Liv Astrid Skåre Langnes, 14.8.2015

Meir informasjon og påmelding her.