Kontakt oss ikkje
Foto: flickr.com_rodrigosoldon2_CC BY-ND 2.0.jpg

Kontakt oss ikkje

Har du nokon gong hatt problem med å finne kontaktinformasjon til ein tilsett på ein nettstad? Eller med å få tak i vedkomande? Dersom internett kunne snakke, hadde kanskje samtalen vore slik:

«Der fann eg rett bedrift, ja. Hei, eg vil gjerne kontakte bedriftsleiaren.» 

«Er du heilt sikker på at du vil kontakte oss? Du er klar over helserisikoen ved ein slik prosess?»

«Eh, kan eg få snakke med mennesket som leier bedrifta?»

«Snakke med? Det var då ikkje måte på. Vi er eigentleg ikkje så begeistra for slikt. Vil helst ha arbeidsro, sitje ved pc-en med musikk på øyret, drikke kaffi og småpreike med kollegaer, gå i møte, tru vi er viktige.»

«Men de har vel telefonar?»

«Sjølvsagt. Alle viktige menneske har det. Men vi likar best kamerafunksjonen. Og å ringje ut med dei. Det er forstyrrande med alle desse ringjelydane. For ikkje å snakke om spørsmåla som kan kome frå andre enden.»

«Kan eg få telefonnummeret hans då?»

«Nei. Du må ringje sentralbordet. Taste deg gjennom sjuogtredve val før du til slutt får eit alternativ som høver deg. Vi er plaga med stor trafikk, og då blir linja broten. Då må du prøve igjen. Og igjen. Og igjen.»

«Må eg verkeleg via sentralbordet for å få snakke med han?»

«Oppgåva til sentralbordet er først og fremst å utdjupe kvifor du ikkje får snakke med han. Kor sliten han ser ut. At han har ikkje hatt det så lett i det siste. At det er verst på heimebane akkurat no, i tillegg til at han må flytte kontor midt i julebordplanlegginga. Sentralbordet vil vere uroa for at han vil sjukmelde seg om dei set over fleire telefonar. At akkurat du er dropen. Dei yttarst få sentralbordet slepper gjennom, skal i alle fall ikkje vidare med godt samvit.»

«Kan eg nå han skriftleg då?»

«Då må du fylle ut skjemaet her på nettstaden vår. Det kan verke litt komplisert, og det er meininga.»

«Eg ser ingen kontakt oss-knapp?»

«Han er der, men vi fekk ikkje plass til han på framsida av den nye nettstaden vår. Du må velje tredje knappen til venstre på andre menylinja ovanfrå. På denne sida, heilt nede til venstre, under namnet til leverandøren av nettstaden, finn du lenkja til skjemaet. Den står mellom linjene med veldig lita skrift i nesten same fargen som bakgrunnen.»

«Eg kan ikkje berre få den private e-postadressa hans då? Han har vel det?» 

«Postboksen hans har vore full sidan 2009, så det er ikkje vits i. Om du absolutt må sende oss ein e-post, kan du bruke adressa velvel@berregloymdet.no.»

 

Laila Walseth Lid, 22.4.2016

 

Les fleire blogginnlegg her.