Kjøper du argumentet? Laust om verdiar, pengar og språk
Foto: Thangaraj Kumaravel (CC BY2.0)

Kjøper du argumentet? Laust om verdiar, pengar og språk

Kva er det nyttige? Eg assosierer på eit vis det nyttige med ein konkret verdi få eller ingen kan tvila på. Er det slik? Eg er ikkje alltid einig med meg sjølv, for det nyttige kan vel også vere unyttig? Kva er nytta sitt forhold til verdi? Er det til dømes betre å vera ein nyttig idiot enn ein unyttig idiot? Spørsmålet burde vera heilt relevant i desse valkamptider.

Eit døme på forvirringa mi er dette med økonomisk vekst. Det er nyttig fordi det gjev «lys i husan», og fordi det gjev drivkraft og overskot til vidare samfunnsutvikling. Samstundes er auke i velstand knytt til auke i forbruk, som igjen er knytt til belasting av klima og miljø. Forbruk av bilar, klede, møblar, reiser og alt mogleg. Det er vel ikkje særleg kontroversielt i dag å seia at velstand inneber visse destruktive tendensar, at den klingande mynt har to sider. For-bruk gjev mot-nytte. Det tosidige kan tenkjast gjennom det greske omgrepet farmakon: ein og same ting kan verka som både medisin og som gift. Eit døme er planten revebjølle, som er særs giftig, men som ein òg lagar hjartemedisin av. Eit anna døme er sjokoladen med lakserande middel i. Altså, fordi overdrive inntak av søtsaken kan gi forstopping... Same tingen kan med andre ord gjera folk både friske og sjuke, vera både nyttig og unyttig.

Pengar er praktisk. Ja, men er dei direkte nyttige? Eg kan veksla pengane inn i brød og smør, noko som visar at pengar har byteverdi. Dei har likevel minimal bruksverdi. I beste fall kan du i nauda fyre i peisen med ein setel. Sjølv om bruksverdien er liten, er ofte pengar på eit vis meir verdt enn mat. For me kastar ikkje pengar, men me kastar mat. Me går så langt som å destruera mat, altså det som har bruksverdi, for at det skal få høgare byteverdi. Det materielle brødet er såleis del av eit symbolsk verdispel som ligg utanfor nyttas logikk. Det er som om Hermes, den greske guden for handel og kommunikasjon, er blitt den mektigaste.

Språket har sterke likskapar til pengar. Me veit jo like godt at det er forskjell på ting og ord, som me veit at ein times likt arbeid kan verta løna ulikt. Dessutan manglar språklege utsegn ofte fotfeste i røynda, som i politiske diskusjonar der dei ikkje har referensiell verdi, men desto større strukturell verdi. Altså: utsegna relaterer seg til andre utsegner i ein politisk diskurs, ikkje til ei faktisk røynd. Me kan endåtil «kjøpa» politiske lovnader, men me kan ikkje eta oss mette av valflesk.

Meiner eg at alt difor «er tomheit og jag etter vind», som det heiter i Forkynnaren? Slett ikkje. Det er meir det at eg freistar å få ein ørliten distanse til det sjølvsagte. For inntrykket mitt er at straumar av språk, pengar og verdiar ofte tek oss med, utan at me har så mykje me skulle ha sagt. Me flyt med. Sagt på ein anna måte: sola er ny kvar dag, men kva hjelper det om alt under den er det same?

Stein Arnold Hevrøy, 28.8.2015