Juleførebuingar
Foto: flickr.com_aktivioslo_CC BY-NC-ND 2.0

Juleførebuingar

Dagbok december 22, 1845. I et stort selskap i Hotel dÀngleterre (Bugge, Skjelderup, Berg, Otterbeck, Essendrop, Hauge, Vullum, Schwach, Sexe o. fl.) Suus og duus. – Ivar Aasen

Ivar Aasen skreiv ikkje mykje om jula verken i dagbøkene eller breva sine, det gjekk stort sett i korte trekk om små innkjøp, teaterframsyningar eller gudstenester, som elles i året. Sitatet ovanfor er sjeldan kost.

Vi er i startgropa til den store finalen: jul og nyttår 2015. Møter du naboen eller slår av ein prat over kaffikoppen på jobb, er spørsmålet mange stiller kvarandre i disse dagar: «Kor langt har du kome?» Svaret kan gå frå eit djupt og tungt hjartesukk til ein meir lettare variant.

Spør du dei du kjenner kva tradisjonar dei har er det ulikt og samansett hos alle. Ein kan kanskje samle samansetningane i uttrykket: «Det er eg (ikkje) vant med.» Kor sagt kan det bety at ein må ha visse ting på plass for at det skal bli jul, om det er mat, julepynt eller rutinar.

Jul er eit gammalt ord, og ein veit ikkje sikkert kva det opphaveleg betyr. Ordet fins i gammalnorsk jól, gammalengelsk geol, gotisk jiuleis og det er innlånt i finsk joulu, ved sidan av juhla, som betyr høgtid eller fest. På gammalnorsk heitte det altså jól. Forma jul har vi fått frå dansk. (Språkrådet)

I boka Leksikon over landsbyens gilder, festskikke og fester på landet frå 1950, peiker forfattaren Schmidt på dei mange forklaringane til ordet jul. Han viser til språkforskaren Sophus Bugges tolking av ordet, og at det kan vere i slekt med det latinske ordet joculus, som kan bety noko i retning av jubel eller spøk. Sjølv om denne forklaringa ikkje har noko vitskapleg tyngde, meiner forfattaren at det gir eit rett uttrykk for kva jula skal handle om i dei nordiske landa, nemleg ei rekkje av festlege samkome i årets mørkaste tid.

I den mørke tida som Schmidt viser til, var ein også meir mørkeredd enn elles i året, ut av det las folk ulike teikn. Det kunne vere kva stykke brød hunden åt først julaftan, korleis julelysa brann og kva merke som blei sett i taket. Dette gav varsel om kva som skulle kome, og ofte blei det tolka teikn som stod i motsetning til jubel og spøk. Med andre ord hadde ein det ikkje berre artig i mørketida.

Overført til i dag er framleis jubel, spøk og samkome eit sentralt omgrep. Det er julefestar, juleavslutningar, adventsfest, luciafest, julebord og juleaktivitetar. Om ein ikkje går frå dør til dør i nabolaget og smakar på lefser og juleøl og les sotmerke i taket, får ein i alle fall markert høgtida vi har i vente med alle markeringane ein er med på i desember.

I mi verd med små born er samkome ein realitet. Sjølv om eg kunne tenkt meg heile fridagar der eg kunne fylt huset med lukta av nybakte småkaker mens eg lyttar til Jussi Björling syngje «O helga natt», er dagane dei same som elles i året. Jula er noko som kjem i tillegg. Som dei fleste andre i min situasjon let eg humla suse, og det blir som det blir. Mi eldste dotter på ni år har no enkelte preferansar på kva som må gjerast før jul, og det som veg tyngst er nok pynting inne og ute. Ho leitar fram lys og figurar, lagar julekrans til døra og hjelper til med bakst av julemenn og pynting av ferdig innkjøpt peparkakehus.

Førjulstida i vår familie blir på denne måten forma ettersom borna veks til. Dei skeive nissane frå barnehagen i regnbogens fargar med eitt auge og gul fjør, betyr meir enn den kvite origamistjerna kjøpt på ein interiørbutikk til ein hårete pris. Den gleda vi ser i borna når akkurat den figuren dei har laga blir sett fram år etter år, er eit døme på det som skaper julestemning og tradisjonar i vår heim. Men innslag av høg puls, tunge handlevesker i dårleg vêr og brende kaker er vel ein tradisjon det også.

God førjulstid og jubel og spøk til alle.

 

Siri Beate Gjerde, 4. desember 2015 

 

Kjelder:

Schmidt, A.F. Leksikon over landsbyens gilder. Festskikke og Fester på landet. 1950.

www.sprakradet.no

Djupedal,R. Ivar Aasen brev og dagbøker.1960.