Heller julekort enn julegåver

Eigentleg burde eg pynta postkassa til jul. For meg er juleposten noko av det kjekkaste med heile julefeiringa.

Heller julekort enn julegåver
Noregs første julekort

Lenge før jul og fleire dagar på rad ligg der handskrivne konvoluttar med ekte frimerke mellom aviser, rekningar og reklame. Eg blir ofte ståande i sur vind på regnsvart asfalt og rive opp konvoluttane for å sjå kven som har tenkt på oss, korleis dei ser ut, kva dei har pussa opp eller kvar dei har reist sidan i fjor.

Eg er ikkje aleine om å verdsetje denne tradisjonen. Tal frå Posten Noreg si juleundersøking frå 2010 viser at seks av ti ønskjer å få eit handskrive julekort framføre ei julegåve. Kvar vaksen nordmann sender mellom fire og fem julekort kvar, og Posten reknar med same mengde julekort i år som førre år. E-post, sms og sosiale medier har i overraskande lita grad erstatta julekorta.

Skikken med trykte julekort tok til i England i 1843. Forretningsmannen Sir Henry Cole fekk ein idé som ville gjere julekortskrivinga enklare. Ved å trykkje teksta «A Merry Christmas and a Happy New Year to you» på kort, stod det berre att å setje på mottakaren sitt namn og eigen signatur. Cole trykte opp tusen kort. Dei han ikkje brukte, selde han vidare for ein skilling i forretninga si. Folk kjøpte korta, og Cole skjøna at det var ein marknad for slike julekort.

Heller julekort enn julegåver
Verdas første julekort, 1843, teikna av John Callcott Horsley

I Noreg vart det vanleg å skrive julekort først rundt 1900. Det var ikkje lov for private å trykkje og gje ut postkort før i 1883. Same året teikna Wilhelm Larsen den første norske julekortnissen som vi i dag kjenner til. I tillegg til fjøsnissar, var motiva på dei eldste korta i Noreg nasjonalromantiske med bunader, lefser og norske flagg.

Eg vaks opp på 1980-talet med julekortskriving andre søndag i advent. Då sat mamma og pappa og skreiv metervis med «God jul og godt nytt år» på trykte julekort. Juleposten som kom til oss vart lagt i ei brodert lomme for julepost som hang på veggen. Mange vi besøkte hadde slike lommer, og helst skulle dei bule. I denne lomma låg det mange postkort med handskrive «God jul og godt nytt år» med motiv av nissar, kyrkjer, julekuler og julekrubber. Der var også masseproduserte julebrev frå kopimaskina, som kanskje hadde større verdi for dei som skreiv dei enn for oss som las dei.

I mi postkasse er det fotokorta som dominerer framfor handskrivne julekort og lange julebrev. Det er ofte mykje foto og lite tekst. Barna i familien blir framheva, både i tekst og bilete. Skodespelar og julekortentusiast Mari Maurstad skriv på bloggen sin at ho synest det er for mykje barn og for lite vaksne. Det er jo dei vaksne ho kjenner best, det er dei ho helst vil sjå. Korleis ser dei eigentleg ut sidan sist? Har dei blitt feite, fått rynker, rare briller, mista håret, fått seg ei ung kone?

Ofte ligg det ei masseprodusert julehelsing ved desse korta. Forfattar og høgskulelektor Mette Elisabeth Nergård har forska på retorikken i masseproduserte julebrev, og finn klare fellestrekk ved desse tekstane. Sendarane vil fortelje om meiningsfylte og travle liv, dei skapar harmoni av konflikt og optimisme av problem. Også her blir barn og barnebarn trekte fram og skildra med vellukka eigenskapar: Dei er aktive, nysgjerrige, sosiale og kompetente. Dei vaksne blir nemnde til slutt, gjerne saman med alle oppussingsprosjekta dei har gjort det siste året i tillegg til treninga og fjellturane dei har teke til med i godt vaksen alder.

Dei masseproduserte julebreva blir gjerne kritiserte for å framstille glansbileteliv og vere lite personlege målt opp mot eit handskrive brev. Likevel er dei ikkje heilt upersonlege. Ifølgje Posten Noreg brukar mange av oss desse helsingane til å halde kontakten med venner vi ikkje treffer så ofte, meg sjølv inkludert. Dei siste somrane har vi reist Noreg rundt med campingvogn. Rett som det er stikk vi innom nokre venner vi ikkje har sett på fleire år når vi likevel køyrer forbi. På grunn av julekortet veit vi kvar dei bur, og på grunn av ei lita, handskriva helsing på konvolutten veit vi at vi er velkomne. Og sidan fotokorta av barna deira har hengt på utstilling i stova vår frå desember til juni, føler barna mine at dei kjenner barna vi besøker.

Desember er godt i gang. Juleposten med bilete av alle barna har teke til å komme. No ventar vi berre på Barnet.

Varm julehelsing herfrå

Liv Astrid Skåre Langnes, 18.12.2015 

Ymist til jol, skrive ein del brev, sendt nokre kort. Ein gamal tosken skikk! Ja vel. Men litt hugnad er det då stundom å få ei helsing, kvifor ikkje då ogso sjølv senda ei?

Frå dagboka til Olav H. Hauge 22.desember 1969

 

Kjelder:

«Julekort» (2014). Henta frå <http://www.juletradisjoner.info/julekort.html>. Lesedato 15.12.2015
Maurstad, Mari (2013): «Julekort». Henta frå <http://www.kjentfolk.no/bloggere/julekort/>. Lesedato 15.12.2015
Nergård, Mette Elisabeth (2007): «Julehilsener som retorisk felt». I Nordhaug, Odd og Hans-Ivar Kristianasen: Retorikk, samtid og samfunn, Forlag1, Oslo.
Posten Norge: «Postens jul i tall». Henta frå <http://www.postennorge.no/182450/postens-jul-i-tall>. Lesedato 15.12.2015