Høgtid
Mellom snopet i dei fleste butikkar finn vi dei: Julehefta. Nytt av året er ei satsing på den meir litterære sjangeren i form av heftet "Juleroser".Foto: Anders Aanes, Ivar Aasen-tunet

Høgtid

For mange er julehefta synonymt med teikneseriar og underhaldning. Dei litterære hefta syner derimot ein noko anna tradisjon, der det blir mana til ettertanke.

Det nærmar seg jul, og for mange av oss er jula ei god og trygg tid. Det er ein pause frå den masete og pulserande kvardagen – iallfall i prinsippet. Viss det skulle skje noko uventa, at ein får omgangssykje eller det som verre er, då blir vi skikkeleg grinete.

Men vanlegvis går jula sin gang, og vi har bestemte rituale knytt opp mot denne høgtida. Noko av det eg hugsar best, er alle julehefta som kom i hus, akkurat til rett tid. Plutseleg låg der ein bunke med hefte på bordet og bugna. Far hadde vore ute og kjøpt. Det var sannsynlegvis einaste gongen på året han kjøpte teikneseriar, men her slo han til altså. Vangsgutane, Tuss og Troll, Smørbukk – alle dei som var på nynorsk. Men også dei som var på bokmål, og favoritten min mellom desse var nok Knoll og Tott, sikkert fordi eg var litt fantete sjølv i barndomen. Juletre, som følgjer med Norsk Barneblad, kan eg ikkje hugse at vi hadde i hus, dessverre.

Mellom husvask (og då meiner eg husvask), oppskjering av ribbe og andre meir eller mindre stressfylte aktivitetar, var der også store moglegheiter for å slappe av. Disney-timen, som av ein eller annan grunn alltid gjekk på fjernsynet akkurat då vi skulle til kyrkje, var og blei ein våt draum. Redninga blei då julehefta. Eg må nok innrømme at eg sleit med å kome meg gjennom Vangsgutane, sikkert fordi eg var så uvand med at teksten stod under teikneseriestripene. I mine auge den gongen, var liksom det heilt feil. Stripene er også frå ei anna tid, om lag då foreldra mine vaks opp, så det er nok ikkje utan grunn at så mange 50-, 60-, og 70-åringar i dag har eit kjært forhold til desse julehefta.

Men, eg er jo son til far min, så eg kjøper sjølvsagt julehefte eg òg. At nokre av dei er på nynorsk, er ein stor pluss i margen, som den målmannen eg er.

I Ivar Aasen-tunet har vi no i ventetida fram til jul ei utstilling om nettopp dei nynorske julehefta. Samlarane Arild Fjukstad, Jostein O. Mo og Terje Aarset har sjenerøst lånt ut mange godbitar til oss, som supplerer utstillinga vi har laga. Her får ein sjå at tradisjonen langt frå berre handlar om teikneseriar, men om vakkert illustrerte hefte der tekst er hovudingrediensen. Denne delen av tradisjonen kallar ein for dei litterære julehefta, som Tom Brenne skriv utførleg og spennande om i boka Norske julehefter. De litterære juleheftene fra 1880 til i dag. Omfanget av tradisjonen skjønar ein fort når ein får tal på det: Om lag 800 titlar har kome ut, med til saman 20-30 000 hefte.

Teksten held fram under biletet. 

Høgtid
Innside frå "Jolehøgtid" frå 1912. Nils Lavik skriv, medan Jens R. Nilssen teiknar. Foto Ivar Aasen-tunet

 

Jolekvelden var det første heftet på nynorsk for vaksne, og kom ut i åra 1904–07. Før det hadde Norsk Barneblad gitt ut Joletre alt sidan 1898. Sidan har det kome ut titlar som Jolehøgtid, Jol og Norsk jol. Men dette er sjølvsagt ikkje alt som er kome ut på nynorsk. Brenne kan nemleg konstatere at "Ingen andre organisasjoner har gitt ut så mange julehefter som lokallagene til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag". Det er i denne katalogen vi finn titlar som Jul på Sunnmøre, Jul i Valdres, Jul i Hallingdal, Jul i Nordfjord, og så vidare, og så vidare. I tillegg finst der julehefte som er knytt til eit utal interesseorganisasjonar, politiske parti, trussamfunn og ikkje minst yrkesgrupper. Det meste er på bokmål, men nokre gonger finst der parallellutgåver på nynorsk, eller språkblanding, som i Bondens jul.

Kva var innhaldet i hefta? Om ein blar gjennom Jolehøgtid frå 1912, ser ein at det er ei blanding av forteljingar (både litterære og reportasjar), biletkunst, dikt og endåtil ein song med tonar attåt. Bak dei litterære bidraga finn vi namn som Peter Hognestad, Vetle Vislie, Anders Hovden, Hulda Garborg, Sven Moren og Johan Falkberget, berre for å nemne dei mest kjende. I forteljingane synest det å vere dei store linjene i livet som blir bore fram. Gamle kjenningar møtest, livet blir summert opp, kva har skjedd, kven er død, kven er i live? 

Forteljinga "Dei store og dei smaa. Ei joleskitsa" av Nils Lavik, legg ingenting i mellom. Ho handlar om vesle Hilda Heidgard, som tredje dag jul brått får feberverk og blir alvorleg sjuk. I kveldinga veit ikkje foreldra si arme råd. Dei sender bod etter dokteren. Men han sit i fint gjestbod med alle dei "store" hjå fabrikkeigar Chornberg i den vesle byen. "Det vil jo være svært uheldigt om De maa forlate os nu", seier Chornberg til dokteren. Også dokterfrua manar til ein frikveld.

Det går som det må gå. Bondefolket ventar spent på sendebodet når bjøllene kling inn på tunet, men utan dokteren i sleden.

"Fyrr morgonroden slo ut sine vengjer, var vesle Hilda bori av englarne inn til himlen. Der hadde trilla mang ei taara den notti. Mang ei still bøn var bedi. Men no hadde barne stridt ut."

Bodskapen er tydeleg. I jula skal ein tenkje på kvarandre. Kanskje kan julehefta kan vere med og gi oss ei litt meir ettertenksam og audmjuk haldning til livet, der vi sit og meskar oss i gåver og fårefeitt. Dette året har det kome ei nyutgiving av eit hefte som av mange blir rekna som det beste, nemleg Juleroser. Herborg Kråkevik er redaktør for utgivinga, der ein ikkje har spara på noko.

Ta deg tid til å lese litt i julehefta. Det kan vere vel verdt det.

 

Anders Aanes, 11.12.2015