Grillsesongen er over oss
Foto: Ginny Flickr.com BY-SA 2.0

Grillsesongen er over oss

"Så när ni hör denna dialekten, då vet ni at det är sommar."

Med sitt blide oppsyn og flagrande augevipper fortel Kiwi-Tina meg at no er det sommar. Frå fjernsynsskjermen tryllar ho enkelt fram dei lekraste rettar, og med utstrekte hender held ho ei skål med eit eller anna ho har rørt saman på 30 sekund mot oss. Samstundes seier ho forførande med sin beste skånsk-norske dialekt: det er så godt!

Ja, ho er flott, og blid, og alt ser så lett ut.

Vi skal stå barføtt i graset i våre flortynne, kvite sommarkjolar og nyte utsikta ut over havet der ei snekke glir forbi. Borna spring og leikar mellom sommarblomane og livet er fylt av sol, varme og latter – og lukta av grillmat.

Vi skal grille svin med lime og servere den med ein dæsj avocado. Vi skal drikke smoothie av melon og druer, vi skal ha kiwi i salaten, slenge fram ein dukkha og ein kebab, og slå til med ein grapefrukt-split til dessert. I glaset serverer vi gjerne ein most av eit slag, der nokre etande blomar duppar i overflata.

Men det er ikkje berre svin og grønt vi skal nyte i sommarvarmen. Det skal også grillast perfekt biff av limousin tilsett pepar og fløyte . For ikkje å snakke om pølsene. Kvite, raude, brune og prikkete. Lam, svin, storfe og kylling. Det fins ei pølse for kvar dag i sommarkalendaren, gjerne servert saman med ulike typar brød og dressing vi ikkje kan uttale namnet på. Kva med spelam sous vide, grillfakkel og sliders, pulled pork, turkey eller beef? Eller grillklar scampi?

Potetsalaten er heller ikkje freda. Den skal vere av ymse sortar potet, med eller utan krydder, grønsaker eller bulgur, gjerne med yoghurt og bearnés. Av anna tilbehør finn du couscous og coleslaw.

Svimmel sa du?

Eg merkar i alle fall at eit ørlite snev av angst som melder seg når eg skal velje mellom alle desse produkta. For kva betyr dei? Kva veit vi om brannfaklar som kan etast eller biff av limousin? Ikkje anna enn at det er eit forsøk på å nå fram som eit heitt og eksklusivt produkt . Men korleis hadde det vore om det sto grillribbe på pinne? Dei fleste veit kva ei grillribbe er, og dei aller fleste veit i alle fall kva ein pinne er. Og kva med limousinen? For min del får eg assosiasjonar til Alexis i Dynastiet og tenkjer at kanskje ho kanskje ville valt ein sånn biff til middag i dag.

Eg har sansen for at ting blir framstilt akkurat sånn som dei er og at produsentane stoler på at vi som kundar har evna til å tenkje sjølv.

Ta til dømes pulled pork som har vore stort i USA i mange år. Namnet betyr i praksis ikkje noko anna enn langsteikt gris og kunne med fordel vore kalla nettopp det. Eller kva med gris med god tid? Eller svinaktig mørt?

Kva med å kalle ei pølse for ei pølse og heller slenge på meir informasjon om smaken? Eller at sliders eigentleg er ei flat, lita kjøtkake?

Det å planlegge eit grillmåltid er ikkje lett når det einaste ein får av informasjon er eit utanlandsk namn, og ikkje smakar den betre heller.

God grillsesong!

Siri Beate Gjerde, 9. juli 2015