Etymologi og morsmål
Norsk etymologisk ordbok av Yann de CapronaFoto: Aasen-tunet, Laila Walseth Lid

Etymologi og morsmål

Har du tenkt over kva morsmålet betyr for kvar enkelt av oss?

Framfor meg, på bordet, ligg ei etymologisk ordbok. Nesten to tusen sider, som eg tidlegare i dag tenkte kunne eigne seg bra som underlag for den berbare pc-en då eg skulle skype frå heimekontoret mitt. Tanken var at biletet dei andre møtedeltakarane fekk sjå, skulle vise meg frå den beste vinkelen. Boka, som allereie låg på bordet mitt – det er ei uhyre interessant bok å lese i når ein er nysgjerrig på ord – kunne verkeleg kome til praktisk nytte. Men når møtet byrja, gløymde eg å bruke boka slik eg hadde tenkt. Vinkelen ansiktet mitt vart vist frå, avslørte både dobbelthake og ei lite kledeleg mysing på skjermen.

Refleksjonar av dette slaget er heilt uviktige og nesten litt flaue å fortelje om. Men slike refleksjonar kan lett dukke opp når ein ikkje har mykje å uroe seg over i det daglege. Tankespinnet der den tjukke boka er ei sentral brikke, fører meg likevel vidare – først til ordet etymologi, som er læra om opphavet til orda. Derifrå er tankevegen kort til omgrepet lingua materna, opphavet til ordet morsmål, temaet for Dei nynorske festspela 2016.

Morsmål er eit tema som kan vere både artig og alvorleg. Artig fordi vi kan leike med ord og sjå på kva som bind oss saman, trass ulike morsmål. Alvorleg fordi mange menneske i desse dagar kryssar både lande- og språkgrenser for å få eit tryggare liv. Situasjonen tydeleggjer heilt sikkert for den enkelte kva morsmålet betyr for dei, i møte med menneske dei må forklare seg for, menneske med andre morsmål. Klarer vi å førestille oss korleis det er å måtte snakke om dei vanskelegaste og mest personlege tinga på eit anna språk enn vårt eige morsmål?

Morsmål har sin eigen dag verda over 21. februar kvart år. I 1999 vedtok UNESCO å gjere akkurat denne dagen til Den internasjonale morsmålsdagen, til minne om ei alvorleg hending 21. februar 1952. Då organiserte ei gruppe studentar i Dhaka, som då høyrde til Pakistan, ein demonstrasjon til støtte for at bengali skulle bli offisielt språk. Fleire studentar vart drepne då politiet opna eld. Seinare beklaga styresmaktene hendinga og gav bengali status som eit nasjonalt språk.

Vi kan velje å markere morsmålsdagen med å feire at det finst mange morsmål. Og vi kan velje å ta på alvor dei menneska vi møter på vår veg, om morsmålet er felles eller ikkje. Den internasjonale morsmålsdagen kan kanskje vere det ekstra puffet eg treng for å seie hei og ta kontakt med ei eller ein eg ikkje har snakka med før?

 

Åshild Widerøe, 29. januar 2016

 

Kjelder:

Allkunne.no: «All verdas språk. 21. februar». Henta frå <http://www.allkunne.no/dagen-i-dag/februar/21-februar/1962/69/>, lesedato 27.1.2016.

Nynorskordboka, Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, Språkrådet og Det Norske Samlaget, 2006

 

Les fleire blogginnlegg her