Eit utropsteikn kjem sjeldan åleine
Vegvesenets skilt nummer 156, ”Annan fare”.

Eit utropsteikn kjem sjeldan åleine

Utropsteiknet er det einaste skriftteiknet som har sitt eige fareskilt. Er det ein fare for at skiltet i framtida vil vere einaste staden teiknet får stå åleine?

Vi ser dei ofte i flokkar på tre og sju, gjerne i selskap med store bokstavar. Sjølv om det ikkje ligg noka gransking til grunn, må det vere innanfor å slå fast at bruken av utropsteikn har tatt av. Og det er i den digitale kommunikasjonen vi oftast ser det.

Den munnlege forma i e-postar, tekstmeldingar og sosiale medium blir framheva av ekstra teiknsetjing. Avsendaren vil spegle stemninga, anten det er alvor eller entusiasme.

Mange som snakkar gjennom tastaturet kan tolkast i same retning: Det blir spinkelt med berre eitt utropsteikn når du er verkeleg engasjert. Små bokstavar ser pysete ut når du eitrande sint. Og det viser ikkje kor UFATTELEG engasjert du er, dersom du ikkje skriv heile teksten med store bokstavar. ”Snakkar” vi med mobilen eller i sosiale medium kan vi i tillegg krydre med ein heil haug av smilefjes og symbol.

Desse nye teikna, basert på den munnlege forma kombinert med ansiktsuttrykk og gestikulering, kan sjølvsagt vere både spennande og underhaldande. Hugsar du det første smilefjeset? Kolon, bindestrek, parentes? Etterfølgt av blunkefjeset, semikolonens renessanse? Desse er for lengst utdaterte og bytt ut med ein heil katalog meir avanserte smilefjes, såkalla emotikon, eller emojis på engelsk. Sender vi meldingar utan, blir vi skulda for å vere furtne. Eller umoderne.

Det store spørsmålet er om mottakaren vil tolke bruken av teikn, både tradisjonelle og moderne, slik avsendaren ønskjer å formidle? Det kjem sjølvsagt an på relasjon og situasjon. Kven smeltar ikkje for feilstavingar med hjarteblunkefjes frå borna sine? Eit UIMOTSTÅELEG TILBOD!!! på e-post, derimot, der seljaren i tillegg har tatt ein neve blunkefjes og slengt utover teksten? Ja, då slettar i alle fall eg umiddelbart. Eg les ikkje eingong kva det gjeld. Skiljet mellom det private og det profesjonelle påverkar sjølvsagt korleis mottakaren les, og det er det dessverre ikkje alle avsendarar som tek omsyn til dette skiljet.

I høve norske skrivereglar skal det aldri vere meir enn eitt utropsteikn om gongen. Vi har lov å setje utropsteikn etter tiltale og utrop, etter oppmodingar og ordrar. Eg hugsar frå grunnskulen at læraren var gjerrig på utropsteikna. Det skulle vere svært viktig eller alvorleg før det kvalifiserte til bruk. Og forsynda du deg å skrive meir enn eitt, var raudpennen skarp.

Skal tru om dette utropsteikn-fenomenet er ein forbigåande trend? Noko vi ser tilbake på om nokre år og ler høgt av? Enn så lenge kviler eg augene på den raude trekanten med det svarte utropsteiknet inni. Vegvesenets skilt nummer 156, ”Annan fare”.

 

Laila Walseth Lid, 24.9.2015

 

Les fleire blogginnlegg her