Ein hyllest til våren
Bløming i HardangerFoto: Ingve Moss Liknes 2007

Ein hyllest til våren

Folk velter ut av hus og heim, strekkjer hendene mot sola og let ho sive inn i den gustne vinterhuda. Våren er offisielt her, og eg les Per Sivle sine oppglødde dikt om vår og nikkar tilfreds. Ja, no skal det grønkast og gro!


Her skal grønkast og gro,

her skal grønkast og gro,

– hei hopp, hipp hipp, hurra!

Jau, for Soli kjem atter

med Bota-von no.

– hei hopp, hipp hipp, hurra!

Burti Bakken skal Blomen faa sola seg enn,

medan Lerka og Sysvort skal tralla igjen,

og fortelja, at Verdi igrunnen er bra.

– hei hopp, hipp hipp, hurra!
 
«Paa solsida» av Per Sivle

 

Per Sivle (1857–1904) hadde det ikkje alltid lett med helseproblem, ekteskapsproblem og økonomiske problem. Men som meg vart han hoppande glad då våren kom. Endeleg skulle verda bli grøn igjen, og endeleg skulle verda bli bra igjen. Det er reine 17.mai-steminga i dikta, og orda uttrykkjer ei spenning over tida framover. For til og med ein alvorsmann som Sivle skjøna tydinga av våren. Våren ber med seg ein lovnad om fornying, nye sjansar, og høve til å leggje ut bilete av seg sjølv på Facebook i singlet med solbriller, solbadande ved sjøen. Dei fyrste vårteikna har alt vist seg gjennom påsken, unge menn hutrande i singlet og shorts, og nordmenn som stadfestar for kvarandre at, ja, no er våren her, så vedunderleg det er med vår igjen.

No har solas fyrste varme solstrålar råka norsk jord, og tungsinnet bleiknar i UV-lyset. Tida er inne for store ord og store opplevingar.

Lik resten av Noreg, legg eg merke til at kroppen dreiar seg mot sola og helsar den som ein vinterlei lemur på eit tak (sett i ein video på Facebook som var ei fin avveksling frå folk i dinosaurkostyme og søte kattar som krev kos frå eigaren). Det er eit brus i lufta, edderkoppane vaknar og kryp fram frå gøymestadane sine på kjøkkenet mitt, og den elles rolege bygda har fått ein bakgrunnsstøy av måkeskrik.

Som Sivle kjenner eg òg ei kribling og spenning no når våren har gjeve oss eit glimt av kva me kan ha i vente. Sol, grøne bakkar og bløming. For eg skal oppleva bløminga i Hardanger for fyrste gong. Klart eg har sett det før, men no skal eg stå midt i det og blir slått i bakken av ei nasjonalkjensle som ikkje liknar grisen.

Eg har blitt lova eit landskap verdig Tidemand og Gude, ei nasjonalromantisk skode fylt med spira til Guds synd: Eple. Og medan dei krokete, tynne skrottane igjen skal bera liv og lovnaden om hav av eple, kan ein gjera ventetida til Hardangergullet kortare under sidersleppet. Våren har komme til Ulvik. Det er reint så eg kjenner ei tåre nedover kinnet, medan Sivle sine ord ljomar i hovudet: hei hopp, hipp hipp, hurra! No skal det grønkast, gro, blomane skal få sol og verda skal bli bra igjen.

Det er vår i Noreg, det er vår i Ulvik og det er vår i sinnet!

 
"Vaar i Norge!

Vaar i Norge!"

synger Lerke, synger Stær.

"Denne Tid er uden Tvil jo

netop Norriges April jo.

Norges Blomstring er ei omme,

– tvertimod, nu skal den komme!"
 
Vaar i Barme,

Vaar i Barme,

– Vaar med Vilje, Tro og Liv!

Folkets Knipper, friske, fulde,

taaler en April-Nats Kulde.

Lad af Stormen Isen rives!

– Slig skal Ondt med Ondt fordrives!

 

«Vaar i Norge» av Per Sivle

 

Les meir om Per Sivle

 

 Elisabeth Tveite, 15. april 2016