Eg helsar deg haust
Foto: maple-leaves-690233_1280_pixabay CC0 1.0.jpg

Eg helsar deg haust

Er du ein av dei som trivst best når dagane blir kortare, skumringa kjem i middagstider og kveldsmørket legg seg lenge før di eiga leggetid? Er du ein av dei som kjenner at kvilepulsen held seg stabil frå september til mars?

Då er du ikkje åleine. Forventningane til våren og sommaren som startar i sosiale medium allereie i januar, kan åleine skape ein stressreaksjon. Eg ventar eit par månader til. Mange er derimot ganske klar for varmen som skal løyse oss frå vinter og kulde – for DÅ skal vi gjere alt som er så fantastisk. Vi skal bade, gå på fjellet, stelle hagen og nyte varme kveldar på terrassen. Men det skal sunnmøringen ha; om temperaturen har stige frå 10 til 12 grader frå ein dag til ein annan, då stig optimismen ikkje med to, men med ti grader. For no er sumaren rett rundt hjørnet.

Det er i det heile tatt mykje venting.

Eg syns det er fint når gradestokken går frå 12 til 10, sommarkjolen blir hengt lengst bak i skapet og eg kan kle meg i lag på lag med skjerf på toppen. Og det som er den aller største gleda på denne tida er at eg kan lene meg tilbake og lese. Mykje.

Eg har til ei kvar tid liggande fleire bøker eg les på parallelt. Kva eg les heng saman med graden av vaken tilstand, tid til disposisjon og ikkje minst humør. Til dømes var det første eg las etter avslutta studiar ei rad med lett forderva og fordøyeleg skjønnlitteratur. Overgangen frå akademia blei som ein mental heimeåleine-fest. Etter ei tid auka behovet for meir edrueleg motstand, og då gjekk eg over på nokre gamle klassikarar. Slik vil det variere, og det er dette som er mi leseglede.

«Seminariene er sanne forgiftelsesanstalter for nasjonaliteten», slo Aasmund Olavsson Vinje fast då han var student ved Asker Seminar i 1842. Han var ikkje nøgd med at undervisinga blei halden etter danske lærebøker og oppslagsverk, for det var ikkje Vinjes morsmål. Han prøvde rett nok å snike noko av heimemålet sitt inn i stilane sine, men dei blei raskt jaga ut.

Sånn er det heldigvis ikkje lenger. Vi kan lese og skrive på vårt eige mål alt vi berre orkar, og i tillegg kan vi få snakke dialekt i alle samanhengar. Den største konsekvensen for min del er at denne overfloda av alt eg har lyst å lese, berre veks og veks. Eg har dessverre kome til den konklusjonen at eg aldri kjem til å få lese alt eg har lyst til, men eg gir meg ikkje utan kamp.

Eg drøymer om Internett- og fjernsynsfri to dagar i veka, og då meiner eg fri som i at einkvan slår av hovudbrytaren for sendingane. Tenk kor herleg – fri frå data-, fjernsyn- og mobilskjermar. Då er ein nøydd til å heve blikket litt. Om ein ser ei bokhylle, den ein bur saman med, ungane eller ein fjelltopp spelar ikkje så stor rolle. Eg er uansett ganske så sikker på at du vil få sjå noko du ikkje har sett på ei stund, eller får lest og lært noko du ikkje visste frå før. Ein slepp i alle fall å Instagrere alt mellom himmel og jord.

Noko av det som gir meg mykje, er å lese det som står litt på sida av bestseljarlista. Sånn var det eg kom over diktet eg viser eit utdrag av under. Det set ord på akkurat sånn eg kjenner det for denne årstida vi står i no.

God haust, og god leseglede.

 

Eg helsar deg haust


Eg helsar deg, haust,
du ærlege haust,
Du lovar meg aldri det slag.
Broren din, våren,
han lovar så raust,
han lovar kvar einaste dag,
men lovnaden gløymer han
ofte så fort,
han held ikkje meir enn han vil,
og var det eit vonbrot,
han ikkje fekk gjort,
så hjelpte nok sommaren til.


Eg helsar deg, haust,
du hardhendte haust,
du lovar meg aldri det slag,
men open og ærleg
og trugen og traust
det er du frå dag til dag.
Du seier som sant er,
og slær ikkje av:
Eg stormar, eg ruskar, eg riv,
eg møter med kulde,
med død og med grav,
det fallande, folnande liv.


Eg helsar deg, haust,
av heile mi sjel,
eg helsar deg, herlege haust.
Du lovar meg inkje,
men kjem likevel
med gåver så rikt og så raust,
ja, ofte kom du
med ein soldag attpå,
som ikkje var venta eingong,
og lia var gullgul,
og fjella var blå,
og livet var solskin og song.

Henrik Straumsheim, henta frå Morgonlandet (1963)
 

Siri Beate Gjerde, 2. oktober 2015 


Kjelder: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann; Vesaas, O. (2001)
Morgonlandet; Straumsheim, H. (1963)
 

Les fleire blogginnlegg her